Lysmesse i ei mørk tid

Det er tradisjon med lysmesse i lag med konfirmantane først i desember, men i år sette koronaen ein stoppar for den tradisjonelle prosesjonen med lysande konfirmantar.

Publisert Sist oppdatert

Dermed vart det ei strippa lysmesse. Berre tre konfirmantar deltok i messa, for det skulle ikkje vere så mange i bevegelse under gudstenesta.

Soknepresten ved altaret.

Nedafor kan du lese preika til sokneprest Lene Gåsvatn og sjå fleire bilde frå lystenninga.

Kveldens kantor var Espen Selbæk som avslutta med soloframføring av Nordnorsk julesalme. Den får du dessverre ikkje høre her.

Sokneprest Lene Gåsvatn held preika som du kan lese nedafor.

- Livet må leves forlengs og forstås baklengs. Sa Søren Kierkegård. Ein av dei som så tydeleg er bevis for at ein kan vera stor om ein er liten: Han var ein liten og lite anseleg kar som levde i København frå 1813 til 1855. I løpet av desse 42 leveåra rakk han å bli Danmarks største filosof – så langt. Dertil var han både teolog – altså presteutdanna – og psykolog.

Og uansett om ein er filosof, teolog eller psykolog, går faget mykje på korleis det er å vera menneske. Korleis skal me forstå verda me lever i, korleis skal me begripe relasjonen Gud har til oss og korleis skal me forstå oss sjølve?

Mykje er forstått når ein ser det som Søren Kierkegård skjønte: At livet må levast framlengs og forstås baklengs. Eller sagt på ein annan måte: Me må leva livet sjølve, hauste våre eigne erfaringar, hente våre eigne sigrar og nederlag og lære oss å leva livet vårt sjølve.

Og så var det dette med læring – og då er me inne på forståinga som er baklengs: Erfaringar blir til lærdom som me meir eller mindre bevisst benyttar oss av.

Men lærdom er uansett bra, - om den er tilegina gjennom det me lærer av kvarandre eller gjennom å leva aviser, lesa romanar, øve oss på å mekke eller brodere - eller satsar på lange og djupe studiar. Lærdom er bra og aukar livskvaliteten!

Så er gjerne også nytta av dagleg tur eller regelmessig bruk av Bibelen og bøn noko me kan sjå at gjer oss godt – me lærer at dette gjev oss mykje livskvalitet for tida det tek. Tida me brukar på å lesa i Bibelen eller be – gjerne i kombinasjon med å gå ein tur – er aldri bortkasta. Ho gjev oss så mykje tilbake!

Tenk berre på verdien å ha dette: Ein heilt komplett Bibel, forfatta over ca 1000 år med historie frå dei tidlegaste tider og profetiar som strekk seg like inn i evigheita. Og midt i denne verkelegheita får me leva og utfolde oss i det me forstår bakantil og lever framantil.

Før Jesu fødsel var det ingen som visste kva som skulle koma – om dei ikkje kjente til profetiane me har høyrt lese. For dei var det underleg lesnad om alt som skulle bli.

Men for oss, oss som har høyrt om Jesus og hans store betydning for oss, fell brikkene på plass. Me ser det bakantil og har alskens forutsetningar for å forstå at det har skjedd. Og forstår me det, kan me altids takke også.

Me har ei heil kyrkjehistorie å bygge framtida vår på når me heretter og vidare skal leva liva våre framlengs. Erfaringar skal me hauste, me skal gå på trynet og me skal vinne våre slag. Og så har me all forutsetning for å vita at det vart, det som dei håpa på før Jesus vart født: Han er født, han kom til oss med framtid og håp for alt som vart som det vart. Han kjem til oss som lys og framtid me kan gå inn i, leva i, gle oss i og føle oss trygge i.

Jon Kristoffer Bolme tente dei to første adventslysa.
Anders Kvendset stod for tekstlesinga og Martin Helgetun tente lysa i den sjuarma lysestaken.
Powered by Labrador CMS