F.v. Arne Berset og Liv Dalsegg frå SpareBank 1 Nordmøre og Espen Kalkvik, Mari Ranes Eidsli og Lorentz Sæter frå Alti Surnadal.

Spleiselag sikrar vinteropen tursti

Som eit direkte resultat av den dårlege kommuneøkonomien i Surnadal kommune, så er det ikkje midlar til å halde Elvepromenaden tursti vinteropen. Dette ville både Alti Surnadal og SpareBank 1 Nordmøre gjere noko med, så da vart eit spleiselag mellom dei to løysinga.

- Sidan vi ligg ved kvart vårt startpunkt av den populære turstien, så vart vi fort enige om å gå saman i eit spleiselag for å halde turstien vinteropen, fortel Liv Dalsegg i SpareBank 1 Nordmøre.

Å halde turstien vinteropen inneber at den må brøytast og strøast. Det er den sju hundre meter lange strekninga frå Alti til leikeplassen i Svartvassområdet som utgjer sjølve turstien. Frå leikeplassen og fram til Brekkøya er det kommunen som brøyter og strør, og slik blir det også komande vinter.

- Det kostar mellom 15.000 og 20.000 kroner å få brøyta og strødd turstien kvar vinter, fortel Espen Kalkvik i Alti Surnadal. Turstien blir brøyta og strødd med firhjuling, og det er Espen som gjer dette.

Rikt fugleliv langs Elvepromenaden i Svartvassområdet.

- Turstien er mykje bruka, og det er derfor dumt at den ikkje kan brukast på vinteren også, så derfor vart vi med på spleiselaget, seier Lorentz Sæter i Alti Surnadal.

- Å ha ein så fin tursti som dette som kan brukast heile året er eit godt bidrag til å fremme folkehelsa», seier Kalkvik.
- Mange av dei som tidlegare gjekk langs svartvassvegen, som verken har gatelys eller gangfelt, brukar no heller turstien, noko som er veldig positivt for trafikksikkerheita, legg han til.

Kalkvik har fått mykje ros for jobben han gjer med vintervedlikehaldet av turstien, og mange har sagt dei var villige til å vere med å finansiere vintervedlikehaldet om dette vart naudsynt, men no er altså dette sikra for komande vinter.

- Årets spleiselag håper vi skal føre til eit meir permanent spleiselag, der både næringslivet og private/brukarar kan bidra, avsluttar Liv Dalsegg.

Da kan surndalingane gle seg over å ha ein vinteropen tursti også komande vinter, så da er det berre å ta fram turskoa og ta seg ein tur!

Powered by Labrador CMS