Boka 'Du mitt Nordmøre 2023'

"Du mitt Nordmøre" er i handelen

Det er Nordmøre mållag som gjev ut boka "Du mitt Nordmøre". I årets utgåve gjer dei stas på to jubilantar: 125-åringen Hans Hyldbakk og 100-åringen Asbjørn Aarnes. Kvar på sitt vis har dei prega "Du mitt Nordmøre"i ei årrekkje, Hans Hyldbakk sidan første utgåve i 1966.

Som vanleg er det med stoff frå heile Nordmørsregionen i boka. 30 bidragsytarar i alle aldrar syter for stor breidde i innhald og sjangar.

"Du mitt Nordmøre" er det einaste årvisse prosjektet på nynorsk her på Nordmøre. Ho har kome ut kvart år sidan 1966. Dette er ikkje eit typisk julehefte, men eignar seg uvanleg godt som julegåve, anten til andre eller til deg sjølv. Tekst og bilete er laga av folk med tilknyting til Nordmøre, både gamle skribentar og nye. 

Boka er å få kjøpt hos dei lokale mållaga / heimbygdlaga. Ho er lagt ut på bokhandelen (ARK), på COOP på Skei og i Rindal, på butikkane i Bøfjorden, Bæverfjorden og Todalen, for å nemne nokre stader. I somme bygder er det også dør-sal eller "stand" utanfor ein butikk, melder Nordmøre mållag.

Powered by Labrador CMS