Svartvassområdet

Surnadal kommune får midler til "Berekraftig tettstadsutvikling"

Fire kommunar får 1,3 mill. til berekraftig tettstadutvikling. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

    Giske, Surnadal, Stranda og Hareid får til saman 1.351.000 kroner frå ordninga "Berekraftig tettstadsutvikling".

  • Giske kommune får 400.000 kroner til stadanalyse og ideskisser for Valderhaugstrand med Skaret
  • Surnadal kommune får 300.000 kroner til prosjektering av gangsamband mellom Skei sentrum og Svartvass-området
  • Stranda kommune får 51.000 kroner til kartotek over gatemøbel
  • Hareid kommune får 600.000 kroner til stadanalyse og moglegheitstudie for Hareid sentrum

Fylkestinget vedtok i desember 2021 at Møre og Romsdal fylkeskommune etablerer eit program for berekraftig by- og tettstadutvikling med formål å gjere byane og tettstadene i fylket meir attraktive og berekraftige. Målgruppa for programmet er kommunane i fylket med verkeområde kommunesentera og sentera i dei tidlegare samanslåtte kommunane.

Kommunane kan søke om tilskot i samarbeid med andre aktørar t.d. lag og foreiningar, næringslivet m.v. Kommunane kan få tilskot på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiing og planlegging og ⅓ av totalkostnadene til fysiske tiltak og opparbeiding av offentlege møteplasser i sentrumsområde.

Powered by Labrador CMS