Møre og Romsdal fylkeskommune:

Ekstremvêret «Ingunn»: Sannsynleg at mykje blir stengd på vegnettet

Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer råda frå Meteorologisk institutt og hevar beredskapen som følgje av varselet for dei komande dagane.

Vêret kan føre til at mykje blir stengd og skape problem for mellom anna skoleskyss, skriv fylkesvegsjefen i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Det er sendt ut raudt farevarsel som gjeld frå onsdag ettermiddag, og som følgje av vêret vil det sannsynlegvis bli stengde bruer og vegstrekningar, spesielt i ytre delar av fylket.

Dette gjer at det er sannsynleg at busslinjer, ferjer/hurtigbåtar og skoleskyss i fylket, kan bli innstilt i løpet av dagen, onsdag ettermiddag.

Mange av elevane i vidaregåande skolar i fylket har lang reiseveg med kollektivtransport. Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal vil derfor gjennomføre digital skole på onsdag.

- Vêrsituasjon tilseier at det kan bli store følgjer for framkomme i trafikken. Vegar kan bli stengd på grunn av trær eller andre objekt i vegbanen. Vi ber alle følgje råda som kjem og ta varslar på alvor. Vi vil følgje tett med på situasjonen, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.

Det er òg venta krevjande forhold i indre strøk natt til torsdag, når vinden skal snu og det kjem nedbør, mest truleg som sludd og snø i indre strøk. Snøskredfaren aukar også vesentleg i løpet av onsdag ettermiddag/kveld.

Powered by Labrador CMS