– Styrk vidaregåande skule!
Det er stor frustrasjon ved dei vidaregåande skulane i fylket over foreslåtte kutt og innsparingar. Senterpartiet vil styrke dei vidaregåande skulane og foreslo i budsjettet 41 mill ekstra til vidaregåande opplæring, skriv Møre og Romsdal Senterparti i ei pressemelding onsdag.
– Søkinga til vidaregåande til hausten som nettopp er avslutta, har nesten 100 fleire søkarar enn i fjor. Det tilseier 6 nye klasser. I tillegg er mange fag populære og mange fleire har søkt enn oppsette klasser. Dette er utdanningar som næringslivet og det offentlege her i fylket har stort behov for. Utfrå søkartala meiner vi det er behov for iallfall 30-40 ekstra klasser for å auke kapasiteten i dei mest søkte faga. Dette gjeld fag som helse/oppvekst, teknologi- og industrifag, elektro/data, naturbruk, tømrar, fiske/fangst, sal/service/reiseliv og fleire.
Dette seier Senterpartiet sine medlemmar i kompetanse-og næringsutvalet i fylket, Per Ivar Lied og Dordi Boksasp Lerum.
Fredag er det møte i Kompetanse- og næringsutvalet. Då vil det bli vedtatt å ikkje starte opp mange fagtilbod som har få søkarar.
– Det treng ikkje vere dramatikk i dette. Tvert imot, er det både fornuftig og rett å bruke ressursane på å opprette ekstra klasser på fag ungdomane ønsker og næringslivet og det offentlege har behov for, seier Per Ivar Lied, og held fram:
– Dei fleste klassene som er foreslått nedlagte har 1-4 søkarar, fleire har faktisk null søkarar. Det seier seg sjølv at ein ikkje kan starte slike tilbod.
Boksasp Lerum utdjupar:
– Vi vil likevel sjå på nokre av desse, til dømes idrett og restaurant-/matfag ved Stranda vgs og studiespesialisering ved Hustadvika vgs. Og vi er enige i at nokre tilbod som ligg i grenselandet likevel bør startast, som t.d. tømrar ved Herøy vgs, barne- og ungdomsarbeidar ved Sunndal vgs, vg2 helsearbeidar Tingvoll vgs, media/kommunikasjon ved Volda vgs og akvakultur ved Ålesund vgs.
– Vi er uroa for den økonomiske situasjonen i vidaregåande opplæring. Etter posisjonen ved Frp, Høgre, Krf og Venstre vedtok budsjett for fylket i desember, er skulane tvinga til å mellom anna kutte vikarbruk, bibliotektenester og kantine. Senterpartiet tek bekymringane frå elevar og tilsette på alvor. Vi vil satse på vidaregåande opplæring heile fylket og det viser vi også i våre forslag. Vi håper fleirtalspartia no heller vil satse på vidaregåande skule heller enn å kutte, avsluttar dei to.