LESERINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther

Opningsglede

Publisert

Det var stor glede i landet over at dei strengaste smittevernreglane var borte, over å kunne samlast fritt utan avstand og registrering etc, og kanskje mest av alt utan frykt.

Dei fleste av oss hadde vel grunn til å gle seg, sjølv om vi vart mint på at smitten fortsatt er der, og at somme er ekstra sårbare, slik at vi alle må halda fram med å visa omsyn.

Men det er ikkje slik at alle får si glede proklamert i vår felles statlege informasjonskanal NRK. Der er det ein ting det blir fokusert på, både før og etter opninga.

Fredag kveld da statsministeren hadde annonsert at «meteren gjelder ikke lenger», så lyste denne setningen mot oss på skjermen omtrent heile dagsnyttsendinga «Utelivet kan servere og skjenke som før». Og i eit heilt kvarter fekk vi proklamert kor fantastisk det var at ein no kunne gå ut på skjenkestader og pubar og få seg ein øl eller ein pils, no kunne ein festa så mykje og lenge ein ville frå klokka 16 laurdag ettermiddag. Forutan nokre ord om kinoar og konsertar som hadde hatt det trasig, poengterte også kulturministeren at no var det fritt fram for å festa og feira. Noko folk tok skikkeleg på alvor. Søndag morgon fekk vi høyra at det hadde vore rekordstore ordensforstyrringar, bråk, knivstikking og fyll over heile landet. Politiet hadde hatt nær to hundre oppdrag i Oslo.

Det var helg, men ikkje eit ord i nyhetssendingane om at no kunne vi gle oss over å få samlast fritt til gudsteneste i alle kyrkjer, dei som hadde vore under dei strengaste restriksjonar. (Nidarosdomen og andre kyrkjer kunne ei tid samla 20 – tjue – til gudsteneste medan kinoen nær ved fekk ha fleire hundre) Det høyrde vi ikkje noko om. At familien no kunne samlast til konfirmasjonar, og bestemor få vera med i kyrkja. Det høyrde vi ingen ting om. At vener og naboar, ja, heile bygda no kunne ta farvel med ein av sine i gravferd. Det høyrde vi ingen ting om. At ein no fritt kunne besøka sine gamle foreldre og besteforeldre på sjukeheimen, det høyrde vi ingen ting om. At små born ikkje lenger trong å vera redd for å gi bestemor og bestefar ein god klem, det høyrde vi ingen ting om.

Men at ein no kunne gå på skjenkestader og få seg ein pils, det har vi høyrt opp att og opp att, og det var rikeleg illustrert med glass og skåling, og før opninga har vi høyrt til overmål kor stort problem det var for Oslofolk at polet var stengt.

Kva slags samfunn har vi fått? Og kva slags kultur er det dette samfunnet dyrkar?

Powered by Labrador CMS