LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Bjørg Vik - aktuell forfattar til 8. mars?

Publisert

Manglar du lesestoff til kvinnedagen, vil eg tilrå biografien som Lars Vik i 2021 gav ut om mor si, «Bjørg Viks vei». Det har kome fleire gode forfattarbiografiar det siste året, men «Bjørg Viks vei» er etter mi meining ein av dei mest velskrivne og solide. Det dreier seg ikkje berre om ei stor og innhaldsrik bok, og eit nært og varmt portrett av ein spennande og viktig person. Det dreier seg og om ei påminning om kor store endringar som har skjedd når det gjeld likestilling mellom kvinner og menn i landet vårt dei siste par generasjonane, og det er samtidig ein biografi som gir innblikk i eit krevjande ekteskap, samliv, kvinneliv og familieliv som tvingar fram ettertanke og refleksjonar hos alle lesarar.

Det er først og fremst som novelleforfattar Bjørg Vik vart kjent, og i boksamlinga mi har eg m.a. «Noveller – Et utvalg for skolen» som vart gitt ut i 1977 frå dei 5 første novelle-samlingane til bruk i ungdomsskolen og vidaregåande skole. Til saman vart det heile 11 novellesamlingar i åra mellom 1963 og 2005, i tillegg til 5 romanar – mellom anna oppveksttrilogien om Elsi Lund - og fleire skodespel. Og for Bjørg Vik var det nær samanheng mellom eigne livserfaringar og dei skriftlege produkta – og biografien vitnar også om korleis livserfaringane og skrivearbeidet hadde sin pris, i påkjenningar for både kropp og sjel.

Samtidig er det for meg eit tankekors å registrere at bøkene til Bjørg Vik i dag i svært liten grad synest å vere tilgjengeleg hos dei lokale bokhandlarane. Kanskje meiner forlaget hennar (Cappelen) og bokhandlarane at Bjørg Vik ikkje lenger har noko å seie i den norske samfunnsdebatten og for yngre lesarar?

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS