LESERINNLEGG:
22/7- Vårt felles ansvar
AUF skal ha takk for at det også i Surnadal vart eit lite minnesamvær om tragedien 22.juli 2011 – sjølv om arrangøren sikkert hadde ønskt seg breiare oppslutning om arrangementet, både når det gjeld aldersspreiing, og politisk og organisasjonsmessig deltaking. For det må understrekast at sjølv om terroren 22.juli 2011 hadde DNA-regjeringa og AUF-leiren som mål, var terrorhandlinga også eit angrep på heile det norske samfunnet, det politiske styringssystemet vårt – og ikkje minst på det verdigrunnlaget som dei fleste av oss bygger på.
Det var eit sjokk å oppdage at terroristen var ein av oss, med oppvekst i hovudstaden vår og politisk bakgrunn og erfaring frå eit av dei politiske partia våre. Og det norske samfunnet var ikkje budd på ei terrorhandling så langt utanfor det vi kunne tenke oss, med bombeåtak på regjeringskontora, og nedskyting person for person av fleire titals barn og ungdommar på politisk ungdomsleir. Og meir enn alt dette: når vi retteleg ser etter, er det menneske blant oss som synest vere så fulle av forakt og hat mot andre personar og grupper i samfunnet vårt, at dei meiner dei har rett til ikkje berre å rekne dei som mindreverdige eller å eksportere dei ut av landet, men til å avrette dei. Og mange har vanskeleg for å sjå at språklege ytringar kan tene som grunnlag for at terrorhandlingar blir utført.
Derfor er det også trist når enkelte medborgarar i lokalsamfunnet nyttar ytringsfridomen sin til å fortelje oss følgjande 18/7 om minnemarkeringa:
For 10 år siden gikk NRK på banen straks og skulle definere hva som hadde skjedd, hvorfor det skjedde – og NRK fortalte oss hvorden vi skulle oppfatte det, hvordan vi skulle sørge og hvordan vi skulle leve med dramaet og tragedien i ettertid. I tillegg brøytet Arbeiderpartiet seg forbi de pårørende og tok martyrrollen foran familie og slektninger. Kort sagt: Arbeiderpartiet slo fra første stund politisk mynt på tragedien.
—————-
Nå går NRK på banen igjen, 10 år etter tragedien, og skal fortelle oss – på nytt – hva vi skal tenke, føle, tro og mene om det som skjedde. NRK tar regien, og regisserer oss. Allerede har Arbeiderpartiet og NRK lagt løypa, uten tanke på de etterlatte, som også denne gangen overkjøres, forbikjøres og settes på sidelinjen. For det er valgår for Stortinget må vite, og Arbeiderpartiet trenger å presse de siste dråpene ut av tragedien i håp om å vinne valget.
For dei fleste av oss, som har eit meir nøkternt og mindre fastlåst forhold til både Arbeiderpartiet og NRK, vart svært mange av programma i radio og fjernsyn 22/7 (inklusive TV2) viktige og mangfoldige påminningar om vårt felles ansvar for både å hugse kva som skjedde for 10 år sidan, men også for å arbeide for at ikkje rasistens og terroristens holdningar og verdigrunnlag skal vere dei som går sigrande ut i ettertid.
Eivind Hasle
6650 Surnadal