Benedikt slipper ny plate 28. april

Benedikt er sett saman av ni dyktige musikarar.

Why are You Dreaming

-drøymande, vakkert og melankolsk

Publisert

Fredag 28. april er dagen for plateslipp. Benedikt kjem med sitt nye album Why are You Dreaming? Med sitt førre album Balcony Dream (2021) vart dei tildelt Subjektprisen og fekk andreplass i Gaffa si kåring av årets beste album. Det er spennande å sjå kva mottaking dette albumet får. Samanlikna med siste album er musikken dystrare og meir melankolsk. Tematikken i låtene er einsemd, dødsangst og kjensla av å vere isolert på ein liten plass. Hans Olav Settem er vokalist og låtskrivar, og formidlar denne sentimentaliteten med vakre harmoniar.

Personleg er favorittlåtene kanskje tittelsporet Why are You Dreaming? og Blood Moon, men det kan endre seg, for dette er veldig gjennomført, jamt stødig, og blir finare for kvar gong ein høyrer på det.

26. mai feirar dei plateslipp med å spele konsert på Parkteateret i Oslo.

I bandet finn vi heie fire surnadalingar, Hans Olav Settem, Brage Einum, Stein Boge og Oddbjørn Sponås.

I tillegg til dei fire surnadalingane består bandet av Marit Othilie Thorvik, Emilie Carhrin Korsvold, Sunniva Lillian Shaw of Tordarroch, Simen Midtlid og Sindre Skår.

For Hans Olav Settem er dette eit svært personleg album.

– Det er spesielt å skrive eit så utruleg sårt og personleg album, der kvar einaste låt handlar om noko eller nokon som står meg veldig nært. I pressemeldinga vår står det at det handlar om å føle seg isolert i ei lita bygd. Dette er ikkje meint for å innta ei offerrolle, eller for å klandre plassane der eg har budd, seier han.

Plassane det siktast til her er Surnadal og Lepsøy, der han henholdsvis voks opp og gjekk på vidaregåande, og kjensla av isolasjon og framandgjering handlar om fleire ulike ting.

– Først og fremst er det her snakk om religion og tru. Først hadde eg ei gudstru som eg opplevde som barn at dei aller fleiste kring meg ikkje hadde. Og da eg mista denne trua så budde eg på ein kristenkonservativ vidaregåande skule i bibelbeltet.

Dette tykkjer han er litt skjebnens ironi, og ein tematikk det verka interessant å utforske på albumet. Mest fokus vil han likevel rette mot alle dei bra folka og institusjonane han voks opp med.

– Eg trur aldri eg ville ha kome dit at eg lever av å skape musikk, hadde det ikkje vore for all den stønaden og iveren, og alle dei plattformane eg hadde da eg voks opp. No snakkar eg frå eit eg-perspektiv fordi tematikken på albumet i hovudsak dreier seg om mine erfaringar. Men det er og viktig å nemne at tekstarbeidet har skjedd saman med Emilie Catrin Korsvold og Marit Othilie Thorvik, to bandmedlemmar som har hjelpt meg å formulere desse låtane. Dei har og sett sitt preg med sine eigne historier - blant anna på låta All Things End, som førstnemnde skreiv store delar av, seier Hans Olav, og held fram:

– Dersom vi beveger oss frå det tekstlege og over til det musikalske, er eg berre ein av mange arbeidsmaur i Benedikt. Alle ni fargar lydbildet på sin eigen måte, og det er ei vanvittig ære å få spele i band med så dyktige og særeigne musikarar som alle er. Det er utruleg fint å framleis få lage musikk saman med folk du har vakse opp med og delt så mange livserfaringar med. Eit slags nidobbelt musikalsk ekteskap, som det er utruleg godt og trygt å lage musikk i!

Why are You Dreaming?
Powered by Labrador CMS