Kyrkjehelg i Åsskard:
- Rikt fellesskap!
Biskop Ingeborg Midttømme var blant dei mange som gjesta laurdagens jubileumsbasar i Åsskard. – Tiltak som dette vitnar om rikt fellesskap, sa ho i si helsing.
Den store forsamlinga på Bøfjorden Grendahus tok til seg biskopens varme ord om dugnad og samhandling, slik det kan arte seg i menigheter og bygdesamfunn når folk tek sams tak!
Gåver og godt salg
Eit basarbord med rundt 80 gevinstar vitna om raus gjevarinnsats. Loddsalget gjekk strykande – berre dette skaffa over 28.000 kroner til soknerådet.
I tillegg hadde komiteen fått gåver til eit overdådig loppemarked. Salget av husgeråd, koppar, dekorasjonar og bøker gav mange kroner attåt basarsummen.
Frå basar, matsalg og loppemarked innkasserte soknerådet over 30.000 kroner denne dagen.
Hyggestemning
Grendahuset, bygd på 1990-talet med fantastisk dugnadsinnsats, er også bevis på det fellesskapet som biskopen framheva. Hyggestemninga rundt kaffeborda i den fullsette «Storstua» var til å ta og føle på.
Allsong og kor
Stemninga merkast også når allsongen tona – med nostalgien i «Auld lang syne» og «Dei gamle fjell» så vel som ettertanken i Prøysens «Den første løvetann». Ei gruppe frå koret P17 førte an.
Koret gav også smaksprøver frå sitt slager- og viserepertoar og frå sine kabaretar om lokalt seterliv og sjøfart.
Ellen vann kyrkjemåleriet
Som på alle basarar var trekninga eit høgdepunkt. Hovudgevinsten, Sigrun Hesjehagens måleri av 150 år gamle Åsskard kyrkje, vart vunnen av Ellen Svendsen Fiske. Og kva passa betre - sidan ho er den unge songfuglen som stadig øver her og konserterer i både denne og andre kyrkjer?
Godt besøkt gudsteneste
Søndag følgde kyrkjelyd, stab og sokneråd opp med gudsteneste i kyrkja. Her gjorde prost Vidar Rygh teneste. Rundt 80 møtte opp. Vesle Athena og Peder Jonas vart døypte. Dagens takkoffer gjekk til arbeidet i barnegruppa Amigos. Kyrkjekaffen etterpå var ei fin avrunding av ei innhaldsrik og vellykka helg prega av sosialt og kyrkjeleg fellesskap.