Røstasetra

Seterkost

Denne søndagen var det gudsteneste på Røstasetra i Vindøldalen med både nattverd og minikonsert, og salg av rømmegraut og bakels.

Publisert Sist oppdatert

Dette var 25. gong at det vart arrangert gudsteneste på Røstasetra, og no vil det verte fast gudstenestehelg her første helga i august, kunne Erik Moen slå fast. Laurdag i forvegen går Klauvvegsmarsjen, slik den har gjort dei siste tjue åra.

Det var ikkje mange som gjekk Kløvvegmarsjen i år, men på musikkvelden laurdag var oppmøtet godt. I godveret søndag var det over 50 menneske samla på Røsta.

Organist Oddveig Helset Halle og Knut Arne Fiske Pedersen på horn sørga for musikalsk leiing av gudstenesta
Klokkar Sverre Hatle opna gudstenesta
Dagens prest, Torbjørn Brøske

Torbjørn Brøske, som kalla seg forhenverende pensjonist, var søndagens prest. I preika snakka han om den gode gjetaren, eller hyrden, som Brøske lika best. Han hadde snakka om gjetar til konfirmantar, som forbann den med ein tikkande sak på fjøsveggen.

Ein gjetar er eit menneske. Jesus er den gode gjetaren. Han leier oss til mat. Jesus kjenner behova våre. Han metta jo fem tusen ein gong.

Og han gjev oss vatn, slik han drakk det i lag med kvinna ved brønnen. Jesus gjev næring for kropp og sjel, sa Brøske, - brød og vatn - brød og vin.

Ein gjetar har i oppgave å vise buskapen vegen til mat og vatn, og så få dei heim til kvelds. Jesus vil heller ikkje gjete bort nokon!

Video: Inge Solheim. På slutten av videoen får du med deg krengelhauk!

Eiri Lysø
Hedda Moen Gjerstad
Solid døpefont og gamalt dåpsfat. Sjå lenke i teksta.
Det var her, men ikkje med denne døpefonten og dette dåpsfatet Hedda vart døypt for 14 år sidan.

Etter gudstenesta var det ein minikonsert ved Eiri Lysø og Hedda Moen Gjerstad på piano, kvar for seg og i lag. Firhendig spela dei «Someone you love», men dei ville ikkje fortelje kven det var. Vi tippar det var ein gjetar…

Hedda, akkompagnert av Oddveig

Hedda, som vart døypt her for 14 år sidan, framførte også «E slåttatægja» akkompagnert av Oddveig Helset Halle.

Les om dåpsfatet her!

Tordis Moen Bakke spela i dag som ho gjorde for 25 år sidan
Tordis Moen Bakke
Ivrige beundrarar
Gudrun Myklegard er i sitt 95. år og var den eldste på Røstasetra i år. Her i lag med dotter Inger og barnebarn Bjørn
Powered by Labrador CMS