Avdelingsleiar Anders Grimsmo i Consto Midt-Norge, avdeling Surnadal.

– Det ligg stor verdi i lokalt samarbeid

Med 50 tilsette og omsetning på 240 millionar i 2020, er Consto Midt-Norge si avdeling i Surnadal ein stor aktør i det lokale næringslivet. Avdelingsleiar Anders Grimsmo fortalte tysdag formannskapet at samarbeid med andre, lokale bedrifter står sentralt i arbeidet deira.

Publisert Sist oppdatert

– Det er viktig for oss å finne lokale produkt og samarbeidspartnarar. Det er slik vi arbeider; vi vil ha det lokalt, viss mogleg. Og eg tykkjer vi har fått det til ganske bra, fortalte Grimsmo formannskapet tysdag.

Han var på plass for å presentere Consto Midt-Norge AS og prosjekta deira, blant dei Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS).

Totalt har Consto meir enn 1000 tilsette i Noreg og Sverige, og hovudkontor i Tromsø. Consto Midt-Norge AS, som avdelinga i Surnadal er organisert under, har i tillegg til avdelinga i Surnadal kontor i Trondheim, Molde, Ålesund, Steinkjer og Berkåk.

Omsetninga til Consto Midt-Norge var over 1 milliard kroner i 2020, og dei er med dei ein av dei verkeleg store entreprenørane i regionen.

– Må vere konkurransedyktige

Avdelingsleiar Anders Grimsmo i Surnadal fortalte tysdag formannskapet om kor stor del av verksemda deira som er tufta på lokalt samarbeid.

– Vi har bilar frå Sveen Auto, vi har med oss Sveen Mek. på montering og Midt-Norsk Olje kjem med drivstoff til oss. Varene våre kjøper vi på Talgø MøreTre sine Byggmakker-avdelingar og vi brukar blekk frå Anders Gjerstad Blikkenslagerverksted. Vi brukar og ei heil rekkje andre lokale bedrifter, seier Grimsmo.

– Det ligg mykje verdi i dette samarbeidet. Men vi ville ikkje fått til dette, dersom ikkje alle bedriftene er konkurransedyktige. Marknaden er slik at vi er pukka nøydde til å levere dei rette prisane kvar einaste gong. Elles er vi ikkje med i kampen om prosjekta, rett og slett. I dei aller fleste tilfella greier bedriftene heldigvis å vere konkurransedyktige, seier han.

Blant prosjekta bedrifta jobbar med akkurat no, er Straumsnes Idrettshall, Sylte skole i Malmefjorden, Coop Byneset, City Lade, utbygging av TAGA-fabrikken i Valsøybotn og nemnde SUBUS.

– Skulen er eit stort prosjekt, som vi er veldig glade for å få halde på med.

27 meter finsk rør på nyskulen - av 6000-7000 meter

Grimsmo nytta høvet til å nyansere biletet etter at det, som følgje av oppslag i avisa Driva, vart retta kritikk både mot entreprenøren og Surnadal kommune under førre kommunestyremøte. Kritikken gjekk på bruken av rør frå Finland i staden for rør frå den lokale rørprodusenten Pipelife Norge.

– På nyskulen er det per no bruka 27 meter rør frå Finland, av totalt mellom 6000 og 7000 meter i prosjektet. Så lenge dei røra vi må ha finst i sortimentet til Pipelife, har vi valt Pipelife, understrekar Grimsmo, og legg til:

– Så er det slik at det er underleverandørar, som har bindingar til grossist. Det gjer at somme varer på ned til Oslo og tilbake, men det er ikkje noko vi rår over.

På spørsmål om korleis situasjonen er for Consto Midt-Norge når det gjeld å få tak i kompetanse og nok tilsette, svarte Grimsmo slik:

– Det gjer vi ved hjelp av lærlingar. Vi har fem no, av 50 tilsette, og vi rekrutterer dei naturlegvis lokalt. Samanliknar ein oss med avdelingar i store byar, har vi det enklare enn dei. Så lenge Surnadal vidaregåande skole utdannar lærlingar, har vi tilgang på arbeidskraft.

Ordførar Margrethe Svinvik let seg imponere over kor godt lokale bedrifter fungerer ilag.

– Dei er her for kvarandre, og det er tydeleg kor mykje vi har å by på, både i Surnadal og i nabokommunane

Powered by Labrador CMS