Buldrekonkurranse ved Trollheimen klatresenter

Plum greier ei utfordrande rute for første gong med oppbacking frå kompisar.

Helgas buldrekonkurranse er godt i gang

-Mykje bra kliving

Publisert Sist oppdatert

Denne helga foregår det lokal konkurranse i buldring hos Trollheimen klatresenter. Dei arrangerer buldrekonkurranse ca ein gong i kvartalet. I klatrekonkurransen er det fem nivå, gradert med fargar, så her konkurrerer du på eige nivå. Konkurranseelementet er langt frå det viktigaste med arrangementet, heller det å få samla enno fleire til å klatre i lag. Det skal vere låg terskel for å delta. Når vi er innom treffer vi Heidi som har køyrd frå Trondheim for å klatre, og på søndag skal det dukke opp folk frå Sunndal. For Håvard og Hege, som driv klatresenteret er konkurransane og ein motivasjon for å fornye seg og skru opp mange nye ruter på ein gong. Elles i året skjer det ein del forandringar, men til kvar konkurranse blir det skrudd opp 25 nye ruter på ein gong. Det er tøffe ruter denne gongen, meiner deltakarane vi treffer på senteret.

Deltakarane registrerer rutene dei går på ei nettside, og hamnar automatisk på rett nivå. Det har vore 13 deltakarar på laurdag, og konkurransen fortsett søndag. Alle får klatre så mykje dei vil den tida konkurransen pågår. Ingen har klart dei svarte enno.

Buldring er klatring utan sikring, som da sjølvsagt er tryggast om det ikkje er for høgt. Ved innebuldring er reglane at det ikkje må vere meir enn fem meter takhøgde i klatreveggen, og underlaget er mjukt å falle på. Håvard, framhever det sosiale med buldring. Det er artig med tauklatring og, men buldring er lettare å gjere fleire saman, og det er lettare å hjelpe kvarandre. At det ikkje trengst sikkerheitsutstyr og opplæring gjer det og veldig tilgengeleg for alle, og det er muleg å drive klatresenter med opa dør slik som dei gjer.

Det er ikkje alltid like lett å forstå kva dei erfarne klatrarane meiner, så det er hengt opp ein plakat med buldrelingo i klatrehallen.

Håvard og Hege har drive klatresenteret i snart fire år. Dei kom flyttande frå Trondheim og heim til Surnadal, og dei ønskte å fortsette med klatring, og da var det berre å brette opp ermene og lage tilbudet sjølv. Avtalar med lokale bedrifter, barnehagar og NoFo er veldig viktige for dei. Målet var at det skal gå rundt. Det greier dei med ein del dugnadshjelp for å halde senteret oppdatert og attraktivt.

Håvard og kompisane kjem med forslag og oppbacking når Vegard prøvar på ei ny rute.

Dei visste ikkje heilt kva dei gjekk til da dei starta bedrifta, og Håvard fortel at den største motivasjonen for å fortsette er det gode miljøet som har oppstått på senteret. Dette har vorte ein viktig tilhaldsstad for mange ungdommar. Gjengen som er der på laurdag brukar vanlegvis å vere der fleire gongar for veka. Både Håvard og gutane fortel at i klatring er det eit veldig støttande miljø. Det er ikkje om å gjere å ver best. Alle kan ha det gøy med klatring uansett kor sprek, sterk eller atletisk ein er. Her backar dei kvarandre opp til å utvikle seg vidare og klare nye ruter på det nivået ein er på. Og alle klatrar i lag for det. Lette og vanskelege ruter er skrudd på same veggane. Både 'klatregutta' som heng her og Håvard er veldig ivrige med å framheve buldring som ei fantastisk treningsform. Dei framhever spesielt det sosiale og at dei i samarbeid finn måtar å løyse utfordrande ruter på. Det er leikent og fritt, utan så mykje reglar. Alle kan få til noko. Det er veldig bra trening for kroppen, dei blir sterkare, og det er ikkje veldig mykje skadar i buldring.

Klatregutta. Dess gutane og ganske mange til brukar mykje av fritida si til buldring.

Klatringa og dei lokale konkurransane har gjort at gutane får lyst til å prøve seg andre plassar og, og dei har reist fleire plassar for å klatre og konkurrere. Mellom anna var Tor Alfred og Ulrik med på regional klatre-cup i Kristiansund nyleg, og i mars reiser dei til Ålesund for ein runde der.

Tor Alfred og Ulrik kom på 2. og 3. plass på regional klatre-cup i Kristiansund.
Heidi kom frå Trondheim for å klatre, med sjokoladekake!
Tor Alfred i veggen.
Ulrik prøver ei raud rute.
Vegard prøver ut råd han fekk frå Håvard.
Lars i raud rute med lange flytt.
Plum klarte ei ny utfordring medan vi såg på.
Powered by Labrador CMS