LESERINNLEGG:

Kjære politikarar!
Eg vil at politikarane skal lese denne saka og forstå kvifor vi skal ha skulen vår.
Eg går på Bø-Bæ skule, som er ein super skule. Vi kjenner alle saman. Vi kjenner lærarane godt. Alle her er vennar, og vi støttar alltid kvarandre.
Skulen betyr masse for oss. Vi har mange turdagar i året. Vi har stranda nærme, vi har hatt Maskorama og overnattingstur og vi har strikkekafe. Vi er verdens beste skule.
Det må vere skule i Bæverfjord. Tenk deg du har akkurat er ferdig med universitet i Oslo, så venter du barn, så vil du flytte heim til familie og vennar, men så er det ikkje skule i grenda du vil bo i. Barne ditt må vere på buss i ein time. Ingen vil køyre buss i ein time. Så i grendene blir det berre gamle folk igjen, men dei dør da til slutt, så da blir det ingen i grendene. Alle blir i sentrum i Surnadal, og da blir det for fullt i sentrum. Altså, det vil ingen det! Vi vil ha skulen vår!
Vi har vore redde i mange å no. Alle blir stressa, det blir uro! Vi har vorte trua i 2025, 2024, 2023, 2017, 2016, 2015, 2013, 2012 og 2009. Så det er mange år med stress!
Det er heilt forferdeleg å tenke på at skulen kanskje skal bli lagt ned. Vi meiner at det er eit dårleg val. Vi veit ikkje kva vi skal gjere no. I ferien skal vi kose oss, men det blir vanskeleg i år. Vi er redde i år og.
Live Skei, 5. trinn