Ove Andersen og Jon Storløkken (t.h.) hadde begge eit nært forhold til «Kvalsund», som her er vist på lerretet

Om skuter og modige menn

«Med livet som innsats» kunne vore tittel på krigshistoria som Jon Storløkken presenterte på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert

Mannskap og flyktningar satsa alt på eitt kort når dei kryssa Nordsjøen til Shetland og Skottland i motstandskampen dei første krigsåra. Kåsøren viste bilete av små fiskeskøyter i storm og fare. Portretta av personane om bord var imponerande og gripande.

Flukt og sabotasje

Med høg risiko for eigne liv hjelpte dei fleire tusen til å rømme frå okkupantane. Minst like farleg var sabotasjeoppdraga i norske fjordar. Så da Storløkken nemnte at somme etter krigen fekk rekning frå den norske stat for «uniformslitasje», vekte det sterkt engasjement blant dei frammøtte på museet.

Shetlands-Larsen

Leif Larsen og Shetlandsgjengens dramatiske mineoppdrag på Nordmøre hausten 1941 var ein av episodane som kom fram på biletlerretet – og fekk lokale merknader frå salen. Roturen gjennom Langøysundet på den ekstreme flukta til Sunnmøre der dei knabba fiskeskøyta «Arthur», vekte frysningar hos somme.

Musters

Engelske Jim Musters var blant dei som organiserte nordsjøtrafikken. Hans tilknytning til Surnadal, mellom anna som eigar av markagarden Vaulen, gjorde hans rolle interessant for bygdefolk i salen.

Fleire nytta høvet til å kjøpe museets årbok «Gamle Nordmør 2018» - med fyldig biografi om den aristokratiske zoologen, fuglekjennaren, verdensborgaren og altså motstandsmannen Jim Musters.

«Kvalsund»

Med engasjement og stor kunnskap tok Jon Storløkken for seg etterretningsbasen i Peterhead i Skottland. Verksemda Secret Intelligence Service her var strengt hemmeleg og er framleis lite kjent.

Også her var mange norske skøyter med, og til ei av desse, «Kvalsund», har Jon eit sterkt personleg forhold. Fiskekutteren, som var med i motstandsoppdrag heilt frå Skottland til Finnmark, hadde etter krigen ulike eigarar. Saman med blant andre Ove Andersen gjorde Jon i si tid stor innsats for å restaurere skøyta og ta vare på den viktige historikken om både Peterhead-basen og «Kvalsund». I dette kulturarbeidet har Storløkken også pleia kontakt med veteranar frå nordsjøfarten og etterkomarane deira.

Berga frå glømmeboka

Saman med kåsørens muntlege framstilling gjorde bileta av skuter og skutemodellar historikken nær og levande. Fram på lerretet kom «Reidar», «Nordsjøen», «Arthur», «Brattholm I» og enno eit tital farty frå nordsjøtrafikken.

Særleg gripande var det tragiske forliset til «Blia» på veg til Shetland med flyktningar og kurerar i november 1941. Heile 42 menneske omkom – det største enkelttapet av menneskeliv i Shetlandsgjengen si verksemd under krigen.

Jau, Jon Storløkken bidrog til å berge mange sterke historier frå glømmeboka denne museumsdagen i Bøfjorden.

Forliset til «Blia» 11. november 1941 – festa til lerretet av målaren Lepson i 1995.
Idar og Eli Bøe tok turen frå Kristiansund til temadagen i Bøfjorden. Her ved bordet saman med Steinar Skrøvset (t.h.). I bakgrunnen fører Ragnhild Skrøvset manntal over frammøtte.
I kjøkenluka hadde Eli Husby Moen (t.v.) og Kari Sollid Heitmann «graut og bakels» og anna godt å by på
Powered by Labrador CMS