Opna ny leikeplass og sykkelløype i Svartvassområdet:

Barnehageungane var samde om at det var artig å boltre seg på ny leikeplass.

– Kjempeartig med ny leikeplass!

Ungar frå barnehagane på Skei og Bårdshaugen storkosa seg då Surnadal kommune torsdag opna ny leikeplass og sykkelløype.

Julie Søyseth Svensli frå Skei barnehage fekk æra av å gjennomføre den høgtidelege snorklippinga, saman med Ingrid Grytskog Snekvik frå Bårdshaugen barnehage.

Ingrid Grytskog Snekvik og Julie Søyseth Svensli ordnar med snorklipping.

– Ta her e jammen me «gøytt», var ein av dei første kommentarane å høyre då barnehageungane fekk ta i bruk klatrestativa ved den nye leikeplassen.

Patrick Heggem Schei og Tuva Hansen var samstemte i at det var stor stas å få slå seg laus i nye omgivnader i Svartvassområdet.

Tuva Hansen og Patrick Heggem Schei tykte det var stor stas med ny leikeplass.

– Det er kjempeartig med ny leikeplass. Det er kjempefint her, seier dei to før dei ivrig klatrar vidare.

Dei om lag 25 ungane tok og i bruk den nye sykkelløypa, og Emrik Sivertsen Warmøy var eit einaste stort glis då han susa ut på sin sykkelrunde i ny løype.

Og store glis og kvitrande latter var gjennomgåande blant barnehageungane, og reaksjonane deira på det nye anlegget tydar på at det ligg an til å bli ein suksess.

Emrik Sivertsen Warmøy i full fart ut for å teste sykkelløypa.

Godt samarbeid med Sollid Mek

Den nye leikeplassen er ein del av prosjektet med å lage park i Svartvassområdet. Prosjektet starta i 2016, då det vart laga eit skisseprosjekt over heile det 16 dekar store området. Same år starta jobben med gang- og sykkelveg, i tråd med skisseprosjektet.

For to år sidan stod den første leikeplassen ferdig, og no er altså leikeplass nummer to klar. Den vart detaljprosjektert i 2019 av Trondheim-firmaet Asplan Viak, som og stod bak prosjekteringa av heile parkområdet.

– Vi har hatt gode skisser med gode løysingar, så alt har fungert veldig bra, seier prosjektleiar Berit Okstad, som jobbar som byggesaksbehandlar og arealplanleggar i Surnadal kommune.

Ho får støtte av dagleg leiar Steinar Skrøvseth i Sollid Mek, som fekk oppdraget som totalentreprenør for den nye leikeplassen. Det var Sollid Mek som var totalentreprenør også då den første leikeplassen i området vart ferdigstilt.

– Det har vore interessant å jobbe med, og det er veldig godt prosjektert. Men det har vore mykje arbeid, seier Skrøvseth.

Han fortel at jobben med den nye leikeplassen starta litt i fjor, men at dei no i innspurten har heldt på for fullt i rundt to månader. Totalt er det eit området på om lag 2,5-3 mål som er opparbeidd i denne runden av prosjektet.

– Dei har gjort ein kjempejobb, og samarbeidet oss i mellom har vore heilt suverent, rosar Berit Okstad.

Steinar Skrøvseth frå totalentreprenør Sollid Mek fekk overrekt blomster og boka "Furkunnjmat" av Britt Grete Moen frå Berit Okstad, som takk for godt samarbeid.

I tillegg til leikeplass og sykkelløype, har Sollid Mek og laga ferdig ein gang og sykkelveg opp frå leikeplassen. Den har vore inne i plana heile tida, men skulle i utgangspunktet ikkje vere med i denne runden.

– Vi såg behovet, fordi folk tok til å trakke litt i hagane til folk, så vi køyrde på for å få den på plass, og det er eg veldig glad vi gjorde, seier Okstad, som fortel at det einaste som no står att i denne runden er litt snekkararbeid på pergolaen Byggmester Øyvind Svinvik held på å sette opp ved leikeplassen.

Etter ein runde med leiking vart det matpause i den nye pergolaen ved leikeplassen.

Har tru på stor aktivitet

Steinar Skrøvseth og Sollid Mek har, så langt det har gått, brukt lokale underleverandørar i prosjektet.

– Ja, vi har brukt lokalt der det er mogleg. Når det gjeld stein, leikeapparat og benkar var det låst i prosjektet, men elles har vi valt lokalt, seier han.

Skrøvseth viser mellom anna til at det er sett opp rundstokkar for balansering, som er høvla ved Bøfjorden Sag, og deretter royalbehandla ved Talgø MøreTre.

– Så desse er dobbelt lokale, og veldig kortreiste, smiler Sollid Mek-sjefen.

Møblane, både i pergolaen og ved gang- og sykkelstien, er for øvrig frå Vestre, som mellom anna og har møblar på Aker Brygge og Times Square.

Både Skrøvseth og Okstad har stor tru på at område vil bidra til auka aktivitet og trivsel i sentrum.

– Det kjem til å bli aktivitet her, det er eg sikker på. Når vi og får letta litt meir skog og fått plen der det skal vere plen, så blir dette verkeleg noko å vise fram til bygda, seier Skrøvseth.

Han og Sollid Mek har inngått avtale med kommunen om å ta ansvar for vedlikehaldet av det nye anlegget dei neste tre åra.

Berit Okstad, Surnadal kommune, og Steinar Skrøvseth, Sollid Mek.

Toalett og snarveg til Skei neste

Kva som blir neste trinn i parkprosjektet i Svartvassområdet, er litt avhengig av budsjett, ifølgje Okstad. Det som er mest prekært, er å få på plass eit toalett ved pumpehuset.

– No legg vi opp til at folk skal kunne vere her ei stund og ta med lunsjen sin hit. Då hastar det å få på plass eit toalett, for slik det er no må ein opp til Skei, og det er langt unna, seier ho.

Okstad fortel at det er ikkje ligg føre nokon plan om å lage parkeringsplassar i området, rett og slett fordi kommunen ønskjer at folk skal gå og sykle til og frå. Difor hastar det og litt å få på plass stikkvegar frå Svartvassområdet og opp til Skei, seier prosjektleiaren.

– Det skal bli ein snarveg mellom Svorkabygget og firebustaden attmed. Der vil det bli både trapp og sti, som forhåpentlegvis kan komme opp ganske fort. I tillegg skal det bli ein universelt utforma gangveg opp mot Svartvassvegen, litt lenger borte, seier Okstad.

Kommunen har framleis store planar for resten av området. Mellom anna vil dei tynne ut den eksisterande skogen, slik at det kan lagast jungelleikar, klatremoglegheiter og kanskje ein bålplass der.

I tillegg er det, i det opprinnelege skisseprosjektet, og skissert inn både skatepark, treningsparkområde og sandvolleyballbane.

– Det er mogleg at desse tinga kjem litt lenger fram i tid, for det må mellom anna gjerast ein del drenering i området før ein kan starte med noko slikt, seier Okstad, som og er oppteken av å få fram elva endå meir.

– Trinnet ved og rundt elva er kanskje det eg har mest lyst til å starte med neste gong. Det er skissert inn både brygge med fiskemoglegheiter og trapp ned mot elva, slik at ein får opna opp og brukt elva litt meir. Den er jo her, sjølv om ein nesten ikkje ser henne, seier Berit Okstad.

På den nye leikeplassen er det mange artige aktivitetar både for små...
...og litt større. Teknisk sjef i Surnadal kommune, Olav Rønning, måtte bortpå og teste eitt av dei nye apparata litt, han og.
Powered by Labrador CMS