Arbeidet har starta:
No blir det nye ladestasjonar og Uno X-pumper ved Alti Surnadal
Måndag starta arbeidet med å gjere nye oppgraderingar ved Alti Surnadal. I løpet av berre fire veker skal både nye lynladestasjonar og Uno X-pumper gjerast klare.
– Ja, arbeidet startar i dag, og med ei forventa byggetid på fire veker går det slag i slag framover, seier senterleiar ved Alti Surnadal, Lorentz Sæter.
Senteret vert oppgradert med to lynladestasjonar, slik at ein til saman kan lade fire bilar på same tid. I tillegg skal det opp både diesel- og bensinpumpe.
Både ladestasjonane og drivstoffpumpene blir liggande ved støttemuren opp mot hovudvegen; ladestasjonane om lag der det no ligg eit lite fotgjengarfelt, og drivstoffpumpene litt meir i retning Skei.
Dei nye lynladestasjonane gjer at ikke vil ta meir enn 30 minutt å full-lade el-bilen sin.
– Eg trur dette blir bra, seier Sæter, som trur at tiltaket kan trekkje endå fleire folk til Alti Surnadal. Han fortel at dei ikkje er særleg fornøgde med ladestasjonane dei har i dag.
– Så eg trur det blir bra å få på plass noko nytt, seier Sæter.
Gjennomkøyringa på sørsida av senteret, det vil seie mellom Gjensidige og hovudvegen, vil vere stengt medan bygginga pågår, melder Alti Surnadal på Facebook-sidene sine.
Det er entreprenøren H.T. Vike frå Sandefjord som står for gravinga i samband med dei nye Uno X-pumpene ved Alti Surnadal. Måndag var Andreas Hofstad og Kent Malvin Hellevangsdal på plass for å rigge opp.
– No startar vi med å gjerde inn området, slik at det blir ein så trygg og sikker byggeplass som mogleg, seier Hellevangsdal.
H.T. Vike har Uno X som fast oppdragsgjevar, og eigar Hans Tormod Vike fortel til Trollheimsporten at dei reiser rundt i landet for å sette opp den typen stasjonar som no skal i stand ved Alti Surnadal.
– Vi har sett av i overkant av to veker på jobben, seier Vike, som fortel at dei skal ned med ein drivstofftank på 60 kubikk.
Også Mikkelsen Maskin skal vere med i prosjektet, nærare bestemt med å køyre vekk masse.
Det er og starta arbeid ved den kortsida av senteret der Happy Homes Sæterbø ligg. Straumen til den nye lynladestasjonane skal nemleg kome derifrå. Det er allereie skore opp asfalt og teke til å lage ei straumgrøft opp mot framsida av senteret.