Robert Aasen tek over som kjøpmann ved Rema 1000 i Surnadal.

Har funne Rema 1000-kjøpmann i Surnadal

Robert Aasen frå Eidsvåg blir ny kjøpmann, og kan få lokal etterfølgjar på sikt.

Regionsjef Jan Arild Byttingsvik i Rema 1000 bekreftar overfor Trollheimsporten at Robert Aasen, som er kjøpmann ved Rema 1000 på Sunndalsøra, tek over butikken i Surnadal.

Aasen, som etterfølgjer Ole Erik Hoem Hønsvik får ansvaret for begge butikkane, men med to separate selskap.

Per i dag er det framleis Hønsvik sitt firma som står for drifta av Rema 1000 i Surnadal, med Vebjørg Grønning Svinsås som tilsett dagleg leiar.

– No er det Vebjørg som driv på Ole Erik sitt selskap. Ho er veldig flink, og har kontroll på butikken, seier regionsjefen.

Byttingsvik seier til Trollheimsporten at Aasen sitt andre selskap, er under stifting, og at skiftet frå Hønsvik til Aasen formelt truleg skjer i august.

– Kva som skjer når han tek over, om han vil ha ein nestkommanderande eller ikkje, er opp til han, sidan det er hans selskap som skal drive, seier Byttingsvik, og legg til:

– Men vi er heilt rolege no, på at vi har god kontroll fram til skiftet. Vebjørg styrer butikken på ein ordentleg og profesjonell måte, ho har vore svært dyktig.

Han fortel og at Nina Bruset Sætervik, som tidlegare har daglegvareerfaring frå Bunnpris, er tilsett i butikken i Surnadal.

– Ho er tilsett som vanleg butikkmedarbeidar, men tanken er at ho skal ta over som kjøpmann etter kvart. Då snakkar vi kanskje om eitt eller to år, dersom alt går etter planen. Så kan ho gå inn i drifta allereie no, som ein vanleg medarbeidar, og på den måten skaffe seg nyttig erfaring, seier Byttingsvik.

Robert Aasen kjem frå Eidsvåg, og som meldt i Aura Avis hadde Rema 1000-butikken på Sunndalsøra rekordomsetning i 2020.

– Då eg fekk denne moglegheita til å ta over i Surnadal tenkte eg «Kvifor ikkje?», seier Aasen, som kjenner dei tidlegare kjøpmennene Lars Jacob Høvik og Olav Heggset godt.

– Eg har lært mykje av dei, og det vil eg prøve å vise i Surnadal, seier han.

Aasen seier til Trollheimsporten at han er førebudd på at det blir ein ny kvardag å ha ansvaret for to butikkar i staden for ein, men han gler seg til utfordringa.

– Eg har hoppa uti det før, utan å vite kva eg går til. No veit eg det i langt større grad, sjølv om eg ikkje kjenner folket i Surnadal like godt som eg etter kvart gjer i Sunndal. Og det gjer ingenting at det blir litt pendling. Eg er glad i å køyre bil, så det går fint, seier han, og legg til:

– Så har eg forstått det slik at det er ein veldig fin stab i Surnadal, så dette skal bli bra!

Powered by Labrador CMS