17. mai i Surnadal

Russ går med norske flagg på veien under fjorårets 17. mai

Slik blir 17. mai-feiringa 2023

Det er ungdomsrådet i Surnadal som er 17. mai-komité. Dei vil gå fremst med flaggborga i hovudtoget. Leiar Ida Mo går først i toget.

I år som i fjor blir det tog-oppstilling og start frå Øye stadion. Togavgang blir til vanleg tid – kl. 13.15. Toget går til kulturhuset på Skei, med stopp ved sjukeheimen. Klassane plasserer seg etter skulekorpset med dei minste elevane først.

Oppstilling:

1. Hovudfana

2. Flaggborg

3. Surnadal skulekorps

4. Surnadal barne- og ungdomsskule (med foreldre og søsken bak)

5. Surnadal hornmusikk

6. Barnehagane

7. Surnadal vidaregåande skule

8. Lag, organisasjonar og andre

Ved sjukeheimen blir det spela to songar, Ja vi elsker og Fagert er landet, før toget går vidare til kulturhuset. Ved kulturhuset skal ein først synge ”Fagert er landet”, deretter blir det talar ved hovudtalar og russepresident, før vi avsluttar med Ja vi elsker.

Gå inn på Surnadal kommune sin side for å lese mer om bilkortesje, gudtenestar og meir informasjon:

https://www.surnadal.kommune.no/aktuelt/slik-blir-17-mai-feiringa-2023.15778.aspx

Powered by Labrador CMS