Picasa

Vårsøghelga 2014

Strålande Kleivakveld

Solstrålane mangla, men både artistar, prisvinnarar, publikum og regnet stråla på Kleiva denne fredagskvelden!

Regnet kom akkurat i rett tid til forestillinga på Kleiva, og det gav seg ikkje før forestillinga var over, to timar seinare. Likevel såg vi ikkje ein einaste som forlet Kleiva før songen "Vårsøg" var sunge.

Både Catriona MacDonald frå Shetland og Jan Eggum frå Bergen har vore ute ein regnversdag før. Det såg ut til at dei treivst reint så godt på Kleiva. Dei var kanskje ekstra inspirert av regnet.

Catriona Mac Donald uttrykte kjærleiken sin til Kleiva og Norge med å minne om folkeavstemninga om sjølvstende som skal vere i Skottland (og Shetland) i haust. - Kom og ta oss tilbake, bad ho.

Jan Eggum er kjent som melankolikeren, - "av dur er du komen til moll skal du bli", proklamerte han. Sjølv om han heldt seg på det sporet i store deler av den musikalske delen av forestillinga, så tok han av andre vegen i dei sprudlande og humoristiske kommentarane mellom låtene. Han hadde til og med små tilløp til engelske og tyske vendingar i tilfelle det var utanlanske gjester blant publikum (som det faktisk var!).

Som vanleg var det vald ut diktlesarar frå skulane i Halsa, Rindal og Surnadal som fekk lese eigne dikt.

Kleivaprisen er omtala i eige oppslag, sjå dette!

Avkastninga av Kleivafondet er også ein pris som blir utdelt på Kleivakvelden. I år var det Sigrid Vetlesæter Bøe, Silje Ranes og Gøran Bolme som fekk den for prosjektet dei skal gjennomføre i lag med Surnadal Vidaregåande skole i staden for russerevy neste skoleår. Forestillinga er basert på tekster av Hans Hyldbakk.

Trollheimsporten har hatt dette oppslaget om prosjektet!

Silje og Gøran heldt ein orienterande takketale for støtten frå Kleivafondet. Sigrid kunne ikkje møte fordi ho hadde bachelorkonserten sin denne kvelden. Denne konserten kan du forresten oppleve i Surna bedehus søndag, og rykta fortel at Sigrid fekk toppkarakter!

Henning Sommerro og Jan Pål Inderberg var som vanleg limet i forestillinga og batt det heile saman på den måten som berre dei kan, med lause kommentarar og sjølvsagt Jan Pål sine dikt!

 

IMGP4991 Surnadal Hornmusikk
Hornmusikken underheldt før regnet kom ...
IMGP4996
IMGP4998
IMGP5001
IMGP5002 Henning Sommerro
IMGP5003 Jon Pål Inderberg
IMGP5005 Jon Pål og Henning
IMGP5008 Catriona MacDonald
Kom og ta oss tilbake!
IMGP5010 Catriona MacDonald
IMGP5018
IMGP5019
IMGP5024
Unge lyrikarar 1
IMGP5025
Unge lyrikarar 2
IMGP5027
Unge lyrikarar 3
IMGP5037 Jan Eggum
Jan Eggum
IMGP5042 Jan Eggum
IMGP5048
Lydhørt publikum
IMGP5052 Jan Eggum
IMGP5060 Jan Pål og Henning
Jan Pål les eigne dikt
IMGP5069 Silje Ranes og Gøran Bolme
Silje og Gøran takka for støtten frå Kleivafondet