Kleivaprisen_Svanhild Husby_690x518

Kleivaprisen gjekk til...

Svanhild Husby stakk av med Kleivaprisen 2014!

Her er begrunnelsen som blei lest opp fra scenen på Kleiva:

Kleivaprisen 2014

Årets Kleivaprisvinnar er forholdsvis ung, men har allereie gjennom mange år vore ein aktiv kulturpersonlegdom i Surnadal. Mellom anna som vokalist, skodespelar, instruktør og tekst- og songskrivar.

Forslagstillaren skreiv om vedkommande: dette er ”ei eldsjel som uredd og med stort engasjement er sterkt medverkande til det aktive og kvalitetssterke kulturlivet i kommunen”

Kleivaprisvinnaren er eit oppkomme av idear og figurar og dreg i gang mange prosjekt sjølv, ho er òg instruktør for dei yngre, og er aktivt med på revysuksessane til Svarrabærje Teaterlag.

Ho har samarbeidd med fleire andre kulturpersonlegdomar på Nordmøre.

Ho er både «hulder» og «humle» og «Kvinnfolk på kanten». Ho har i mange år hatt eit sterkt forhold til Jørgen Gravvold sine tekstar, og ho har delt denne gleda med oss, publikum, gjennom fleire forestillingar med fokus på desse tekstane.


Det var ei svært overraska og rørt Svanhild Husby som mottok Kleivaprisen frå Mons Otnes og Lilli Husby.

Sjå meir om Kleivakvelden med mange bilde her!

Kleivakveld_før regnet kom_690x920.jpg

Det var riktig fint på Kleiva heilt fram til forestillinga skulle begynne og regnet kom!

Foto: OleT