Stemningsfull konsert i Mo kyrkje

Jo Sverre Sande og Bendik Brevik heldt konsert i Mo kyrkje onsdag kveld, ein stemningsfull og varm konsert i ein kolmørk kveld for vel 40 tilhøyrarar.

Konsert i Mo kyrkje.jpg

Tekst og foto: Marit L Moen
 

Jo Sverre som har mange oppdrag i området med vare og personlege songar. Han seier at melodien kjem først, ofte raskt, men brukar lenger tid på teksten til. Jo Sverre har master i historie, er autodidakt musiker og satsar fullt på musikken.

Bendik er lydmann i tillegg til dyktig elgitarist og har utdanning frå Paul Mac Cartney skolen, og han fekk briljere på eit av dei siste nummera.

Dei er no på turne i Trøndelag og Nordmøre, utfyller kvarandre sitt uttrykk og utgjer ein solid duo.