Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Flau vind

Turar i Surnadal

Her kan du finne turen som passar for deg! Vi har gradert turane med fargar i tråd med såkalla «nasjonal standard» for merking av turar: grøne for nybegynnarar, blå for nybegynnarar og middels trena, raude for meir erfarne og uthaldande turgåarar og svarte for dei mest erfarne fjellfolka. Finn nivået som passar for deg og klikk deg inn på dei ulike turalternativa.

Grøne turar:

Dette er turar som passar for nybegynnarar og ikkje krev spesielle ferdigheiter. Turane er korte og kan i nokre tilfelle også passe for rullestolbrukarar og barnevogn. Stigninga på turen er mindre enn 300 høgdemeter, altså med moderat stigning utan bratte eller vanskelege parti. Underlaget er asfalt, grus, skogsveg og gode stiar der det er lett å koma fram.

Turforslag:

Svinvika Svinvika

Langvatnet Nedre Surnadal

 

Blå turar:

Blå turar passar også for nybegynnarar og middels godt trena turgåarar med grunnleggjande ferdigheiter. Det kan vera stigning opp til 400 høgdemeter der dei fleste stigningar er moderate, men kan innehalde enkelte bratte parti som kan opplevast som luftige av nokre. «Blå» turar kan ha litt meir krevande parti enn dei grøne, og underlaget kan vera steinete, men ikkje krevande ur. Ingen vad/kryssing av bekk.

Turforslag:

Høgberget  Nedre Surnadal

Sentrumsnær rundtur Nedre Surnadal

Syltnebba Nedre Surnadal

Damvatnet Nedre Surnadal

Skjortfjellet Bøverdalen

Strengen Kvanne

Trodalen Bæverfjord

Årneshola Årnes

Setersetra Surnadalsøra

 

Raude turar:

Dette er turar som høver for erfarne turgåarar med god utholdenheit. Turane krev godt turutstyr og gode fjellsko. Stigninga kan vera opptil 1000 meter. Underlaget er sti, ope terreng, stein, ur og snaufjell. Her kan du måtte krysse bekkefar, koma deg opp bratte helningar og passere lengre område med både laus stein og myr. Dette er turar som kan innehalde tekniske utfordringar og passasjar med noko klyving med støtte av hendene.

Turforslag:

Hjelmen Settemsdalem

Nordviksula Nordvik

 

Svarte turar:

Dette er turar som høver for erfarne fjellfolk med god utholdenheit. Turane krev godt turutstyr og gode fjellsko. Du bør ha kunnskap om kart og kompass, og det er ikkje sett noka maksgrense for stigning. Turane er lengre og/eller meir tekniske enn «raude» turar. Typiske turar vil vera lengre toppturar med bratte stigningar og ujamnt underlag. Traseane kan ha parti som er svært luftige og med klyving.

Turforslag:

Ingen så langt! Har du tips, tek vi gjerne imot dei!

 

Vi håpar også å kunne supplere denne sida med andre typar turar etter kvart, slik som sykkel- og skiturar!

Tips en venn Skriv ut