På besøk hos skimuseet

Ein jamn straum av eldregrupper, organisasjonar og lag, skoleklasser og enkeltpersonar frå eit vidt omland har besøkt Skimuseet i Rindal etter opninga 29. juni 2014. 17/9 var det Senioruniversitetet for Indre Nordmøre sin tur.

Attåt kaffe og hyllkak gav Kari Elin Bolme Løfaldli ei interessant orientering om historia til skimuseet, frå det frå 1780-talet sto som 43 meter langt fjøs på Heggem  - til det no var gjenreist og i gjenbruk som spesialmuseum for ski, skimakartradisjon og skikultur. I enden av den lange fjøsbygningen var nybygd lokale for brannsikkert arkiv, kontor, kaffe og butikk.

Og i museet fekk vi sjå maskiner og utstyr til produksjon av ski, frå dei vart heimesnekra rundt om på gardane, til fabrikkproduksjonen på 1970-talet, då det vart laga opp til 100 000 skipar i Rindal kvart år. Maskiner og verktøy, saman med ski, skisko, skismurning og skiutstyr elles viste utviklinga, saman med fotografi, film, intervju – og ein velutstyrt museumsbutikk. Og ikkje minst interessant er det å sjå bilde, medaljar og premiesamlingar etter dei gamle skiheltane som Rindal har så mange av: Røen, Heggem, Landsem, Fosseide, Ingebrigtsli og andre.

Statlege tilskot til drifta, samarbeid med andre museum, m.a. Holmenkollen skimuseum, ei  aktiv venneforeining og svært god lokal oppslutning om museet, tyder på at skikulturen i Rindal og skihistoria i Midt-Noreg er sikra ei levande framtid!

Trykk her for å lese meir om den store aktiviteten på skimuseet og potetnattvore onsdag kveld.

Tekst: Eivind Hasle
Foto: Helene Nergård

IMG_9792 av Helene Nergård_690x460.jpg

Eivind Hasle, Styrkår Brørs, Einar Oterholm, Vidar Sogge og Edgar Landsem studerer skiproduksjonsutstyr.

 

IMG_9726 av Helene Nergård_690x460.jpg

Kari-Elin Bolme Løfaldli, Holger Skei, Magne Wigum og Edgar Landsem.