Potetnattvore 2 2014

Stor aktivitet på skimuseet

I går kveld vart den årlege potetnattvoren arrangert på Rindal skimuseum med rekordstort oppmøte. Folk storkosa seg med dette enkle haustmåltidet i lag med Gunvald Bøe frå Bøfjorden som heldt eit engasjerande og interessant foredrag om dialekt. Aktiviteten har og elles vore stor på skimuseet i haust.

Det vart trongt om plassen i skimuseumskafeen i går kveld da vel 40 personar møtte opp til haustens potetnattvore. Det er venneforeninga ved museet som står bak dette arrangementet, med eit enkelt haustmåltid samansett av nypotet, smør, flatbrød og mjølk, - søt eller sur. Dialekt er populært. Populært var det tydelegvis også å få besøk av Gunvald Bøe, som mange hugsar frå den tida han var diskenspringar på "gammelsamvirke" i Rindal eit par års tid på slutten av 60-talet.

I går kveld kom han frå Bøfjorden og heldt han eit interessant foredrag om dialekt, og engasjerte i tillegg publikum med ein dialektkonkurranse eller haubrott (ikkje quiz)
 

Potetnatvore 2014_700x514.jpg

Folk storkosa seg på potetnattvore i går kveld

 

Stor aktivitet på skimuseet

Onsdag denne veka hadde Indre Nordmøre senioruniversitet møte på Rindal skimuseum med 30 deltakarar

Senioruniversitetet_700x458.jpg
Her blir senioruniversitetet ønska velkommen til orientering, omvising og servering på skimuseet av Kari-Elin Bolme Løfaldli
 

Det har vore "full skuv" på skimuseet i heile haust. I tillegg til "vanleg " besøk i september har

- Rindal pensjonistlag har arrangert Åpen dag på skimuseet
- Rindal kommune har hatt avslutningslag for Harry Figenschau
- Stiftelsen Nordmøre museum har hatt styremøte
- Indre Nordmøre senioruniversitet har hatt samling
- Fotoregistreringskurs


Museet har elles hatt besøk av fleire grupper:
- Løkken Sanitetsforening (full buss)
- Orkland bygdekvinnelag
- Surnadal Rotaryklubb 
- Meldal dagsenter

Kvar tirsdag møter venneforeninga trufast opp og gjer all salgs frivillig arbeid på museet, både ute og inne.

Neste veke skal ei gruppe ha lunsj på skimuseet i forbindelse med bispevisitasen og 30. september arrangerer kulturskulen kafekonsert på skimuseet. Følg med på annonsering!


Museet minner elles om at det er ope kvar helg, laurdag og søndag kl 12-18 ut oktober. I tillegg er det ope kver tirsdag kl 12-18 i denne perioden

Velkommen til skimuseet!