Øvre rindal skole

Om bokstavar og språk

Språksaka har nådd oss i Øvre Rindal. Me bør besinne oss, må bestemme oss og for all del: Stemme! Alle som har rett til å røyste har ein plikt for å ta vare på språk og identitet, borna våre og framtida deira. Eg stemmer nynorsk, skriv Lene Gåsvatn i dette lesarbrevet, som du også finn på leserinnlegg.

Dette er språket mitt og det er språket for oss som bur her. Slik talen vår er, vil me òg at borna våre skal læra seg å uttrykkja seg. Me skal vera stolte av identiteten vår som bygdamenneske, heller enn å springja etter det urbane og skrike til oss deira skrive- og talemåte. Er nynorsk for vanskeleg? Me har to jamnstelte språk i landet vårt. Alle må lære båe språk. Så blir det med språklæringa som det blir med bokstavlæringa i fyrste klasse. Der står fokuset på små bokstavar, sidan dei små lærer seg dei store bokstavane lell. Me kan vera trygge på at borna våre lærer seg bokmål via alle kanalar som skrik imot oss. Men kva med nynorsken som dei visseleg har krav til seg om å måtte beherske? Kvifor ikkje stemme ja til nynorsk og gje dei denne hjelpa til å lære seg å uttrykkja seg på språket som ligg dei nærast – allereie ifrå fyrste klasse? Eg ser nynorsken som ein del av det eg vil kalle det beste for borna våre. Eg vil leggja til rette for at dei kan bli glad i språket, stolte av dialekta si og ha forutsetningar for å kunne beherske båe målføre når det blir krav om det. Lene Gåsvatn