IMGP9965

Kultiveringstiltak i Surna

Statkraft har eit utsettingspålegg på 35 000 2-årig smolt og 60 000 1-somrig yngel av laks i området vårt. I juni 2006 vart Rossåa setjefiskanlegg i Todalen opna. Anlegget skal levere fisk til Surna, Bævra og Toåa. Onsdag var det Surna sin tur til å få sin del
5000 smolt vart utsett i Solemhølen, 7000 ved Lomunda og 7000 i Burshølen i Bolme som vi har bilde frå. Desse står i ei merde nokre døgn og aklimatiserer seg før dei blir slept ut i elva. Same mengda skal settast ut neste veke. Smolten er feittfinnemerka og nokre (Solemshølen) er merka med mikrotags. Dermed er det muleg å registrere gjenfangst. Frå settefiskanlegget deltok Bjørnar, Daniella og Paul Vidar i lag med Monika Klungervik som er ledar for anlegget Statkraft har i Todalen. Torbjørn Amundsgård deltok frå Rindal Elvalag. I Tillegg stilte Statkraft med ein sjåfør til og ein fotograf frå bedriftsbladet.
IMGP9953
IMGP9975
IMGP9972