Hauststemning på hausttonar

Torsdag kveld var det fin song og trivsel under hausttonar i Mo kyrkje. På programmet stod det mykje fin song, viktige og fine dikt, og ein fin haustdag blei avslutta med ein triveleg og innhaldsrik konsert.

ht1.jpg

Musikken var det Songkoret Tormod og Karstein Mauset som stod for. Songkoret Tormod med tre vakre og kraftfulle songar, med klokkereine røyster ein fekk gåsehud av både på armar og bein.

ht2.jpg
Songkoret Tormod

Karstein Mauset framførte tre eigenkomponerte songar, fordi han tenkte han kunne vere «karravorrinj» og bruke sine eigne låtar til denne anledninga og Mauset bydde på vakkert gitarspill og fin song. Mauset framførte blant anna ein song, kor tekst er skreve av Hans Hyldbakk, som heiter Trollheimen. Denne songen er Hans si skildring av den vakre Trollheimen, og Mauset kunne seie seg einig om at Trollheimen er akkurat så vakker som Hyldbakk skriv.

ht3_690x451.jpg
Karstein Mauset

På programmet for kvelden stod også diktopplesing. Det var Hedda Moen Gjerstad og Randi Skrøvset Hatle som stod for dette. Hedda Moen Gjerstad leste opp to dikt skrive av Jørgen Gravvold, Paradoks og Kryssord. Det eine meir seriøst enn det andre. Med dikt som tar for seg dagsaktuelle tema som svolt og elendigheit med tanke på fordeling av mat og ressursar til humor og meir kvardagslege problem som kva det siste ordet i kryssordet blir. Ein stødig og trygg diktlesar. Randi Skrøvset Hatle las opp fire av sine dikt som alle hadde viktige bodskap, som at ein må ikkje kaste bort tida ein har, noko alle har godt av å bli minna på i ny og ne.

ht4.jpg
Hedda Moen Gjerstad

Det var ikkje mange kyrkjebenker som stod tomme, og alle som var til stade var glade for å ha fått oppleve denne innhaldsrike og trivelege kvelden. Kvelden som byrja med ei kyrkje i fin solnedgang og vakre salmar kor kyrkjelyden bidrog med fin song, gjorde haustmørket, som stille lista  seg fram utanfor til ein triveleg og innhaldsrik kveld. Kyrkja var opplyst med ljos og pynta med fin lyng, så mangel på hauststemning var det ikkje.