IMGP0153

Fullsett Attanova på språkforedrag

“Rindaleng - et verdensspråk” var titelen på foredraget Tor Gunnar Heggem heldt under Sildballfestivalen i Rindal lørdag ettermiddag for fullsett Attanova i Rindalshuset. Som introduksjon fekk vi song og musikk v/Turid Røen Kroknes og Jo Ranheim.

Foredragsstunda i Attanova i Rindalshuset vart innleidd med diktlesing og to songar av Turid Røen Krognes akkompagnert av Jo Ranheim. Diktet var bestefaren Ingebrigt Røen sin prolog til sildballfesten som vart arrangert i forbindelse med bygginga av Trollheim. Med vart gitarakkompagnement frå Jo Ranheim framførte ho visene «E slåttategja» av Hyllbakk/Sommero og «Blå time» av Edvin Opøien/Jo Ranheim.  

Tor Gunnar Heggem er ekte Rindaling som bur i Trondheim der han er lærar, lærebokforfattar og tekstforfattar. Sjølv snakkar han 50-60-talsrindaling, - som dei fleste i salen, kommenterte han, men det muntlege språket forandrar seg. Unge i dag uttrykker seg annleis. Dei skriv også annleis. I sosiale media som sms og Facebook skriv dei nærmast dialekt. Dei unge i Rindal i dag veit knapt kva ein «tatlkaill» er (og korleis skal ein skrive det?) Språk og språkutvikling engasjerer, viser oppmøtet (og  lesarinnlegg på Trollheimsporten  akkurat no!) Det blir sagt at det er viktig å halde på dialekta si når ein flyttar ut, sa han, men alle ser helst at dei som fløttar hit skal snakke rindaling så fort som muleg. Innrømte at han skifta dialekt når han passerte Storholthøgda.

Han nemnte eksempel på mange ord og uttrykk som held på og forsvinne, til attkjennande humring frå salen, og nye som kjem inn i språket vårt. Norsk er ikkje eit ordfattig språk. Nynorskordboka på nett inneheld 90 000 ord med forklaringar, ei nettside han anbefalte. (Du finn både nynorsk og bokmålsorboka her! ) Om vi tykkjer norsk er eit lite språk, så kunne han fortelje oss at vi ligg på 114.plass i verda. Heggem brukte god tid og mange eksempel for å vise samanhengen og slektskapet mellom dialekta og mange verdsspråk (etymologi), ei forskingsgrein han lika godt. Dialektene stammar jo frå urnordisk som er eit av dei indoeuropeiske språkgruppene og slik i slektskap heilt til det gamle indiske språket sanskrit.  

Han hadde mange gode eksempel på opphavet til ord og vandringa deira heilt til Rindals. Innimellom hadde han også lette sidespark til surndals- og meldalsdialektene.

Konklusjonen vår på forelesinga må bli at også rindalsdialekta er eit verdsspråk!

IMGP0174
Oddbjørn Heggem takk Tor Gunnar Heggem for foredraget