IMGP9335

Ein god laksesesong er over

Laksefisket i elvane er slutt, og fiskarane kan sjå tilbake på ein sesong som starta kjempebra med godt fiske før St.Hans, men noko mindre fisk seinare. Totalfangsten vart likevel bra.

Ved Solemshølen møter vi laksefiskaren Åke Stark frå Strømstad, Sverige. Han har vore her siste veka og to veker tidlegare i sesongen. No vil han nyte dei siste timane ved elva, for ved midnatt var det slutt på laksesesongen for i år.

IMGP9328.JPG
Etter litt grubling bestemte han seg for denne svarte flua i kveld. Etter to-tre kast fekk han føling med fisk, men den ville ikkje feste seg.

IMGP9329.JPG

Stark har tatt opp 2 laksar denne sommaren og 3 har han sett ut att, så han var godt nøgd med turane til Surna.

IMGP9326.JPG
Lenger oppe i hølen står ein fiskar frå Averøy.

Edgar Landsem 1-IMGP6927_cropped_899x662_690x508.jpg
- Det har aldri vore så fin elv for fiskeoppgang som i år, seier Edgar Landsem ved Øvre Sæter Fiskecamp. Det har aldri vore for lite vatn og det har vore lite pulskjøring på kraftverket. Det var faktisk overløp på dammane midt på sommaren. (Arkivbilde)

Øvre Sæter

Det var ein pangstart på sesongen ved Øvre Sæter Fiskecamp, kan Edgar Landsem fortelle. Det vart teke 80-90 laks dei 2-3 første dagane! Ellers har det vore ein jamt fin sesong med rundt ein laks pr dag, og det er sjeldan. Så og seie alle som var her fekk laks i år!

Det har vore mange storlaks på 8-10 kg, og nokre over 10 kg. Totalt vart det teke 170 laksar og over 1 tonn berre ved Øvre Sæter Fiskecamp – og der er det mesta berre fuefiske.

Aure

- Auren har det vore mindre av i Surna, meiner Landsem - kanskje fordi det ikkje har vore fiska etter den, trur han.

Siste veke slo det til med 2 fine aurar over 3 kg ved Øvre Sæter Fiskecamp.

Andeløp- Øyvind Holte_690x459.jpg
(Arkivbilde)

Øyvind Holte er fortvila over at det er så lite aure i elva. Han meiner lakselusa i fjorden stoppar auren, og leppefisken som skulle tatt lakselusa blir oppfiska.

- Det skulle ikkje vore lov å fiske leppefisk i nasjonale laksefjordar, meiner Holte.

Han trur han har Fiskeridirektoratet med seg i dette synet (sjå her), men departementet overstyrte direktoratet.

- Aure en mesta like viktig for økonomien i lakseelvane som laksen, trur Holte, og der er han skuffa over engasjementet til organisasjonen Norske Lakseelver.

Siste sesong

Dette er siste sesongen til Edgar og Valborg Landsem ved Øvre Sæter Fiskecamp, men fiskecampen kjem til å bli drive vidare som før. Dei har vore her frå sesongen 1972 til i år, med unntak av 18 sesongar da plassen var utleigd.

På Trollheimsporten kan du lese mykje historikk om laksefisket i Surna slik Edgar Landsem har opplevd det!

21200815_1134639259969214_1696705492629687822_o_690x388.jpg

Sjå meir om denne laksesesongen på surna.no!

Tekst/foto: OleT