Jo Sverre Sande - med «Nå ekte»!

Jo Sverre Sande skapte ein lun atmosfære under konserten i Åsskard-kyrkja torsdag. Med glød og inderleghet formidla han og gitaren hans eit program prega av personleg uttrykk.

Sande Jo Sverre KONSERT Åsskard 2019 11 28 foto Bernt G Bøe (2)_690x618.jpg
Jo Sverre formidla god musikk og tekstleg iderikdom i Åsskard-kyrkja (Foto: Bernt G Bøe)

At oppmøtet ikkje var det beste, skuldast nok både andre arrangement og eit vinterleg veromslag. Men som han sjøl sa: - Eg syng til dei som er der, få eller mange!

Og absolutt: Dei frammøtte fekk del i ein tekstleg iderikdom over klangrik musikk, formidla med glød i stemmen. Sjøl om Jo Sverre sier at musikken kjem til han «før orda», fekk den lydhøre forsamlinga ta imot gripande og sterke tekster.

I låtene spør og leitar han, undrast – og protesterer. Heile tida merkar vi søken etter det han også kallar ei av låtene – «Nå ekte». Tanken på kva vi gir komande slekter, sorga over vennen som gjekk ut av tida, takken for «Det oss ha fått» - alt syner djupe refleksjonar hos ein ung artist.

Låtene er haldne innafor ei relativt gjenkjenneleg stilramme. Gitarspelet er stødig. Stemmen ligg i det lyse leiet med smidig overgang til falsett. Og gløden i framføringane er eit varemerke.

Om tekstene ikkje alltid er fullkomen poesi, er grunntankane klåre - dei engasjerer publikum. Dessutan er hans rindalske dialekt eit vakkert musikalsk element i seg sjøl.

Vi ønskjer den sympatiske artisten lykke til vidare – både under årets førjulsturne og i utviklinga som tekst-musikalsk kunstnar!


Bernt G Bøe