live svalastog skinnes 2

– Sjå mulegheitene i nærområdet ditt

Bloggen hennar, "Farmgirl of Norway", har 23 000 følgjarar på Facebook og over 6 600 på Instagram, medan blogginnlegga hennar kan ha fleire hundre tusen lesarar. Torsdag heldt Live Svalastog Skinnes foredrag i Surnadal, om det å sjå mulegheitene i nærområdet sitt.

33-åringen og mannen Kristoffer driv til dagleg Nedre Skinnes Gård i Krødsherad kommune i Buskerud, der dei driv det ein må kunne kalle ei ekstremt allsidig drift.

Svalastog Skinnes og mannen har både 110 griser og 70 vinterfora sauer, men driv samtidig med ei rekkje andre ting, som naturbasert reiseliv med krepsing og gjeddefiske, sal av heimesydde saueskinn, foredragshalding og skriving av bok.

– Det er ikkje eit enkelt svar på kva vi driv med, men det som gjeld er å sjå mulegheitene i nærområdet sitt. Skal ein lykkast med naturbasert reiseliv må ein sjå på kva ein vil gjere og kva ein kan gjere. Spør så om verda treng det, og om ein kan tjene pengar på det. Dersom alt dette peikar i positiv retning, er det berre å hoppe i det, seier Skinnes, og legg til:

– Ein må finne prosjekt som gjer at det brusar i blodet. 

Skinnes meiner det er viktig å utnytte dei ressursane ein allereie har.

– Nøkkelen er nye samansetningar av kjende ressursar. Det er sjeldan det kjem nye stoff i det periodiske systemet, og sjeldan det kjem nye månelandingar. Så ein må bruke dei ressursane som er tilgjengelege på ein best muleg måte.

Ho og mannen har sett seg som mål at garden deira skal bli verdas beste på miljø/klima, dyrevelferd og sosiale medier.

– Det er eit stort og hårete mål, men det var det vi hadde lyst til å bli, så då må vi gå for det, seier Skinnes.

live svalastog skinnes 4.jpg
Live Svalastog Skinnes under Surnadal Sparebanks Landbrukskonferanse.
 

Tidlegare på dagen heldt dagleg leiar ved Eiksenteret Midt-Norge, Jon Magne Sæter, foredrag om Eik, teknologi og klima. Han fortalte om at vi er inne i ein tidsperiode med ei ekstrem teknologisk utvikling, og om korleis landbruket er langt framme når det gjeld å bruke nye, framtidsretta løysingar.

Sæter har vore bas i Eiksenteret Surnadal, seinare Eiksenteret Midt-Norge, i over 15 år. 

I 2019 passerer bedrifta ein halv milliard kroner i omsetning, og med ein akse frå Molde til Steinkjer har dei 103 tilsette, fordelt på 10 avdelingar - som snart blir til 11.

– Vi dekkjer 64 kommuner innan merket Fendt, 51 innan Massey Ferguson og 24 på Valtra, og har over 3000 aktive kundar. Marknaden vår her i Midt-Norge står for 28 prosent av all mjølkeproduksjon i Noreg, og 22 prosent av all verdiskaping innan jordbruket i Noreg, seier Jon Magne Sæter.

– Vi er kjempeheldige som får jobbe i ein så fantastisk og spennande marknad, sa Eik-sjefen, og fortalte at Eiksenteret Midt-Norge per i dag har 14 servicebilar på veien.

Det talet held dei på å auke til 20.

– Ein nøkkel for oss er å vere best på service. Difor lanserer vi eit nytt servicekonsept i løpet av første kvartal av 2020, der vi har henta inspirasjon frå det beste innan bilbransjen og anleggsbransjen. Det blir eit spennande prosjekt for oss, sa Sæter, som og fortalte at dei bevisst brukar Consto som entreprenør når dei har nye utvidelsesprosjekt:

– Vi ønskjer, på dei områda det er muleg, å bruke lokale tenester, og på den måten vere med på å skape verdiar i lokalområdet vårt.

jon magne sæter 2.JPG
Jon Magne Sæter, dagleg leiar i Eiksenteret Midt-Norge.
 

Nestleiar i konsernstyret i Tine, Nils Asle Dolmseth, skulle i utgangspunktet halde foredrag om «Mjølkas framtid», men såpass seint som i helga måtte han melde forfall på grunn av sjukdom.

Då steppa Nina Kolltveit Sæter inn på få dagars varsel, og laga sitt eige foredrag med same tittel som det Dolmseth skulle halde.

Kolltveit Sæter snakka om viktigheita av framtidsretta innovasjon, og korleis små endringar i Tine sine største produktgrupper kan resultere i store utslag, både i volum og kroner.

– Difor er det dei største produktgruppene vi skal legge mest i, når det gjeld både marknadsføring og innovasjon.

Ho trakk fram endringa av Norvegia, der det tidlegare har vore vanskeleg for både Tine og kjøpmennene å få kilospakninga lønnsam, som eit døme på små justeringar som kan gje store utslag.

For ei tid sidan starta Tine å selge Norvegiaen i pakkar på 1,3 kilo i staden for 1 kilo, og Kolltveit Sæter fortalte at denne justeringa har betydd 100 millionar kroner for dei.

Hor gjorde det og klart at målet er å skape eit meieri i verdsklasse, i Noreg.

– På kort sikt skal vi vekse i verdi, og etter kvart og i volum, sa Kolltveit Sæter.

nina kolltveit sæter 4.JPG
Konsernstyremedlem i Tine, Nina Kolltveit Sæter, steppa inn som innleiar på kort varsel, og heldt eit godt foredrag om mjølka si framtid.