lars løseth og bergsvein brøske

– Må snart få bestemt om Todalsfjordprosjektet vert realisert eller skrinlagt

Torsdag arrangerte Todalsfjordprosjektet AS konferanse, for å markere at det no er 80 år sidan planlegginga først starta. Styreleiar Lars Løseth håpar konferansen vil tydeleggjere kor verdifullt prosjektet vil vere for brukarane.

Svorkasalen ved Surnadal kulturhus var bortimot full under Todalsfjordprosjektet AS sin fagkonferanse om prosjektet torsdag.

Styreleiar Løseth fortel at folk frå heile Møre og Romsdal er på plass.

– Ja, det er rundt 60 påmeldte, og folk har komme frå heile fylket. Så det er vi veldig godt fornøgde med.

Før konferansestart var han spent på kor konkrete og kor positive politikarane kom til å vere i uttalelsane sine.

– Det vi håpar på, er å få bekrefta at dette prosjektet er prioritert som nummer ein i fylket, seier Løseth, og legg til:

– Vi er komme så langt i prosessen at vi må få ei avgjerd snart.

Og nettopp dette tok Løseth opp att då han ønska forsamlinga velkommen.

– Konferansen er komme i stand fordi vi ville markere 80 år med planleggingstid, og då bør det nærme seg eit tidspunkt der det blir avgjort om det blir realisert eller skrinlagt, sa Løseth, og fortsette:

– I lys av dei 80 åra, kan vi nok ikkje seie at vi er ein hurtigjobbande komité. Samtidig må det presiserast at ikkje riktig alle av oss har vore med sidan oppstarten for 80 år sidan, sa styreleiaren, til latter frå salen.

Løseth håpar at verdiane prosjektet vil ha for brukarane vert gjort tydelege i løpet av konferansen.

– Verdiane her er store. Det går både på at ferjefri Todalsfjord vil føre til fleire brukarar, på verdiane at ein større bu- og arbeidsmarknad, verdien det vil ha for enkeltbedrifter og verdien ei realisering av Todalsfjordprosjektet vil ha for kommunene, seier Løseth.
 

Ingressfoto: Styreleiar Lars Løseth og dagleg leiar Bergsvein Brøske i Todalsfjordprosjektet AS.

lars løseth ønsker velkommen.jpg
Styreleiar Lars Løseth ønskjer velkommen.