oddvar mikkelsen

– Dei få fornybare næringane våre er framtida

Oddvar Mikkelsen med klar tale under frokostmøtet i Surnadal næringsforening onsdag.

Det var godt oppmøte ved Thon Hotel Surnadal då Surnadal næringsforening arrangerte åpent frokostmøte onsdag morgon.

Martha Torvik frå Marys place orienterte om leiarutviklingskurs, Oddvar Mikkelsen om landbruket i Surnadal og Terje Polden frå Amfi Kreativ om ny utgåve av næringslivsmagasin.

I tillegg fortalte Knut Haugen og Karin Halle frå Surnadal kommune om forundersøkinga der Surnadal og Sunndal har spurt det lokale næringslivet om kommunene og regionen vert sett på som næringsvennlege.

– Landskapet er ikkje berre til pynt

Oddvar Mikkelsen sitt foredrag, «Landbruk i solnedgang?», tok for seg alt frå dyrevelferd og landbruksoppgjer til teknologiske nyvinningar innan landbruket og klimaendringar.

– Det har vore mange oppslag om drøvtyggjarar som utsleppsverstingar. Landbruket skal sjølvsagt vere med og ta ansvar for klimaendringane, men det kan ikkje vere slik at vi skal få skulda for dei, seier han.

Mikkelsen understreka at ein over heile verda må tilpasse gardsdrift og matproduksjon etter kva ressursar ein har tilgjengeleg.

– Det ein kan dyrke på Sumatra er ikkje det same som ein kan dyrke på Sunnmøre, så ein må bruke dei fortrinna ein har. Her hos oss har vi gras, og det må vi gjere god nytte av.

– Landskapet du ser rundt deg er det stort sett ein bonde eller fleire bønder som eig, og det er ikkje berre til pynt. Vi bønder har ansvar for å forvalte marka på ein god og kreativ måte.

Undervegs i presentasjonen slo Mikkelsen fast at det å utnytte ressursane vi har i skog, jord, hav og luft er vegen å gå for å sikre mat til komande generasjonar.

– Dei få fornybare næringane våre er framtida, seier Mikkelsen, som fortalte at på Nordvik har dei, i same familie, drive med dyrka mark sidan 1500-talet.

– Når ein familie kan halde på med dette i fem hundre år seier det seg sjølv at dette må ha vorte gjort på ein berekraftig måte.

Kritiserte media

Mikkelsen retta og ei breiside mot media, og det han opplever som feil fokus.

– Media fokuserer i altfor stor grad på uviktige ting. I dag er det dessverre slik at fleire kan gjere greie for BH-storleiken og livvidda til Kim Kardashian enn for fotosyntesen, seier han, og fortsett:

– No tek vi eitt minutts pause medan de alle puggar fotosyntesen, for det å vere bonde er i grunn å vere fotosynteseforvaltar.

Dei frammøtte var tydeleg engasjerte under Mikkelsen sitt foredrag, og stemninga tyda på at han fekk klart medhald i synspunktet om kva fokus som er viktig og ikkje.

– Det vert laga saker om kva ei veske kostar, eller kva hundane til kjendisane heiter – det er ikkje det som er viktig.

Den tidlegare leiaren i Møre og Romsdal bondelag viste til at tre prosent av folket står for 90 prosent av påverknaden av folk.

– Ein kan spørre seg sjølv om det er dei rette tre prosenta som har denne påverknadskrafta, seier Mikkelsen, og legg til:

– Eit døme er at mange av dei som har stor påverknadskraft er veldig opptekne av trening. Ikkje fordi dei vil halde seg friske eller lette den framtidige byrden for helsevesenet, men fordi dei vil ta-, og legge ut-, bilete av rumpa si.

– Fører selfiar av rumper verda framover? Media og folk med stor påverknadskraft burde heller retta fokus mot viktigare saker, seier Mikkelsen.

oddvar mikkelsen fotosyntesen.jpg
– I dag er det dessverre slik at fleire kan gjere greie for BH-storleiken og livvidda til Kim Kardashian enn for fotosyntesen, seier Oddvar Mikkelsen.

Nedgang i Møre og Romsdal

Vidare fortalte han om korleis norsk landbruk ligg langt framme både når det gjeld avl som eksportnæring og teknologiske nyvinningar.

Blant døma på slike nemnde Mikkelsen nitrogensensor til traktor, som gjer at ein kan spare 90-95 prosent av plantevernmiddelet, samt Nofence frå Batnfjord.

Det er eit strømførande halsband med tilhøyrande app, som gjer at ein slepp gjerding. I staden får dyra varsel via lyd når dei nærmar seg utkanten av området bøndene har fastsett for dei.

Mikkelsen hadde likevel ikkje berre positivt nytt onsdag. Han viste til statistikk som viser at Møre og Romsdal fylke er det fylket i landet som har hatt størst nedgang både når det gjeld storfeproduksjon og sau sidan 2000.

I tillegg er store mengder landbruksareal ute av drift no, samanlikna med 2000.

– Heile 72 000 dekar, som tilsvarer det dobbelte av totalen av dyrka mark i Surnadal kommune, er ute av drift sidan den gongen, seier Mikkelsen.

– Forklaringa ligg i at andre deler av landet har teke over deler av drifta, resten av verda har teke over deler av drifta, og auka importkvoter gjer at bøndene sjølve og importerer meir.

Trenden er at fylka på Vestlandet og i Nord-Noreg tapar terreng innan landbruket.

– Det vert ført ein politikk som ikkje passar til Noregskartet, seier Mikkelsen.

Surnadal og Rindal utmerkar seg

For Surnadal sin del har talet på gardsbruk gått ned frå over 250 i 2000, til 148 i 2018. Talet på melkeprodusentar har gått ned frå vel 100 til om lag 50.

– Likevel utmerkar vi oss i fylkessamanheng, for vi har opprettheldt drifta på omtrent alt av landbruksareal. Talet på kyr er og omtrent det same, for sjølv om det no er færre bruk er talet på kyr per bruk dobla.

Volumet produsert mjølk i Surnadal har og auka, frå 8,3 millionar liter i 2000 til 11,8 millionar liter i 2018. Tala er og liknande for produksjon av kjøtt, medan kornarealet no er mindre enn ved årtusenskiftet.

– Her i Surnadal har vi satsa og investert, og i vår region er det Surnadal, Rindal og Fræna som aukar voluma når det gjeld mjølk og kjøtt, seier Mikkelsen.

Han slår fast at landbruket er i kraftig endring, og fortel at det å drive gard fører med seg så mange gode opplevingar at bøndene lev godt med lange arbeidsdagar.

– Eg opplever det vi driv med som utruleg meiningsfylt, seier Mikkelsen.