svinebønder

– Aldri har så mange fått så mye ut av så lite som norsk jordbruk

Både analytiker Christian Anton Smedshaug og dei lokale svinebøndene John E Fiske, Arne Heggset og Jon Arne Lesund engasjerte publikum under Surnadal Sparebanks Landbrukskonferanse torsdag. 

I samtale med konferansier Svein Sæter fortalte svinebøndene John E Fiske, Arne Heggset og Jon Arne Lesund om drift, utvikling og framtidsutsikter innen næringa.

Dei tre utgjer halvparten av dei seks svinebøndene i Surnadal og Rindal. På spørsmål frå konferansier Sæter om det at dei er såpass få gjer fagmiljøet sårbart, sa John E Fiske følgjande, med glimt i auget:

– Vi kan ikkje slutte no, for då øydelegg vi for dei andre.

Grisebøndene fortalte om ein ny kvardag etter at det bondeeigde samvirkeføretaket Norsvin, saman med dotterselskapet Topigs Norsvin, laga ei ny purke ved namn TN70. Det er ei hybridpurke, som er ei krysning av det norske landsvinet og ein nederlandsk gris.

– No får purkene så mange grisar at ein ikkje veit kvar ein skal gjere av dei, seier Fiske, og får støtte av Arne Heggset:

– Det har vore kjempeframgang. Då vi starta var det slik at dersom ei purke får sju grisungar, så dekte ein utgiftene til purka. På den åttande tente ein pengar. No er ein ikkje fornøgd før ein får purka får 14-15 smågrisar, og får dei fleire er det veldig bra. Samtidig er det slik at dersom dei får over 20 er det eit problem, for då har ikkje mora nok spener.

Heggset, som har drive avlsarbeid i over 50 år, tykkjer næringa no er komme så langt at ein ikkje treng tøye strikken lenger for å få endå fleire griseungar per purke.

– Det er handterbart slik der er no, så vi treng ikkje trekkje det lenger, seier han, og får støtte frå Jon Arne Lesund:

– Jamt over er det så bra slik vi har det no, at vi ikkje treng eit nivå til.

svein sæter 690.jpg
Konferansier Svein Sæter.
 

Neste innleiar var Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse, med eit foredrag kalla "Norsk jordbruk i spennet mellom internasjonale trender og nasjonal etterspørselsutvikling".

Han tok for seg utviklinga i norsk jordbruk, og slo tidleg fast:

– Aldri har så mange fått så mye ut av så lite som norsk jordbruk.

Smedshaug peika på eit par bekymringsverdige trendar, som at grasarealet går ned over heile landet, og at Møre og Romsdal er det fylket i landet som kjem dårlegast ut når det gjeld utvikling i talet på mordyr. Frå 2008 til 2017 har talet gått ned med over 2000 dyr.

– Den store nedgangen i grasareal er ei stor bekymring, og det same er det at vi ikkje klarar å oppretthalde talet på mordyr, spesielt på Vestlandet. Det er ikkje fordi dei vert flytta inn i store kornområde, vi ser at dei vert flytta til sterke storfemiljø i Hedmark, Oppland og til ein viss grad og Sørlandet.

Den tidlegare seniorrådgjevaren i Norges Bondelag fortalte at norsk kornproduksjon dei siste åra har vore stabil på rundt 1,2 millionar tonn.

Han peikar og på korleis vi i Noreg nok har vore litt naive når det gjeld korleis ein forstår marknaden ein opererer i.

– Folketalsauken vi trudde skulle auke etterspurnaden, har ikkje hatt den effekten vi venta, sa Smedshaug, som advarte mot å gje auke i kjøttforbruket skulda for klimaendringane:

– Kjøttforbruket i Noreg er stabilt på rundt 80 kilo per person per år. Det er ingen spesiell vekst i norsk kjøttforbruk.

Smedshaug viste til korleis auke i reallønn og folketal dei siste 20 åra, har påverka folk sitt forbruk av varer frå landbruket.

– Det vi ser når vi samanliknar tal frå 1999/2000 med tal frå 2008/2009 og 2017/18, er at det ikkje har vore nokon samanheng mellom folketal og forbrukstal. Det har derimot vore ein sterk samanheng mellom lønnsvekst og høgare forbruk, sa AgriAnalyse-sjefen.

Han peikar difor på pris som ein viktig faktor hos forbrukarane.

– Den faktoren er nok viktigare enn vi har hatt lyst til å tenke på.

I samanheng med dette, viste Smedshaug til at norske innbyggjarar et rundt 25 kilo svin per år, og at dette talet har vore stabilt dei siste åra. Samtidig har storfe gått ned frå 20 til 18 kilo per person per år, medan kylling har gått opp til litt over 20. Talet for sau er på litt under fem kilo per innbyggjar per år, medan det i Sverige er på 0,5 kilo og på Island på 20 kilo.

– Grisen er altså den som har minst nedgang. Eg trur det er på grunn av at det er ein billig type kjøtt. Til dømes et nok ungdommar på hybel mykje kotelettar til 39,90 kroner, og det er ikkje tilfeldig.

christian anton smedshaug.JPG
Christian Anton Smedshaug.

christianantonsmedshaugogolatheggem[1].JPG
Smedshaug og Ola T. Heggem er gamle kjente. – Det er alltid trivelig å diskutere landbrukspolitikk med gamle kjenninger, smiler Heggem.