Trhp BøfjHelg (3e)

Vellykka Bøfjordhelg

Bøfjordhelga starta som Bøfjord-dag i 1991 – med formål å samle midlar til bygging av Bøfjorden Grendahus. Altså 25-årsjubileum i år, men no «tre dagar til ende»: Fredag – laurdag – søndag. 

Like gammelt som Bøfjordhelga er også Bøfjorden Mannskor, som vart starta med same målsetting.

Starten fredag kveld var lagt til bygda sitt andre (og eldste) grendahus, Kveldheim på Bølandet. Her var det hobbymesse, utlodning og samver med kveldsmat – alt i regi av Bø Grendalag. Stor oppslutning.

Veterankjørety og utstilling
Laurdag morgon inviterte Bøfjord Samvirkelag til gratis frukost – og her var det fullt rundt borda og stor stemning ute på «Lageret». Hovudarrangementet var lagt til Bøfjorden Grendahus lenger oppe i bygda. Ikkje minst utstillinga av veterankjørety drog  rekordmange hit. Åsskard Bygdekvinnelag serverte rømmegraut (vart utselt!) og hadde ei fantastisk samling av gamle åkle langs bord og vegger.

Dei to medarrangørane Bøfjorden Historielag og Bøfjord Idrettslag (70-årsjubilant) hadde også flotte utstillingar ved sida av måleri  av søstrene Gjertrud og Tanja Heggem og porselensdekor, rosemåling og landskapsbilete av Sigrun Hesjehagen. Ute var det hesteriding, fotball og skotthyllkasting.

Jubileumsfest
Laurdagen munna ut i jubileumsfest for idrettslaget. Her gjenoppstod også Bøfjorden Mannskor (i miniutgåve) med eit populært gjenhørprogram. Historia til idrettslaget kom fram i biletserie og intervju. I ein artig ballkonkurranse på scena var det yngstemann Jakob Heggem som danka ut eldre og meir garva fotballveteranar. Basarbordet gav gode inntekter til historielaget og jubilanten. Kveldens høgdepunkt var utnemninga av lagets første formann, Lars Sæterøy (no godt over 90), til æresmedlem. Han var til stades og takka rørt for det han opplevde som ei stor ære – til lang og taktfast applaus.

Fjordcruise
Fjorddagen søndag vart også ei oppleving for mange – både livet i det idylliske hamnemiljøet Ilabukta, med kyrkjebåtroing, fiskekonkurranse og besøk av sundbåten «Framnæs» frå Kristiansund. Det annonserte cruiset til Torjulvågen var så populært at «Framnæs» måtte gå to turar – med til saman 80 passasjerar som vart guida med historikk frå bygda og fjorden. Smaksprøvene på Tingvoll-osten «Kraftkar» skapte nye kjøparar av den prisbelønte osten.

"Fra suksess til havari"
Fjorddagen og Bøfjordhelga vart avslutta på sjøbruksmuseet – med foredrag om Storvik-konsernet i Kristiansund ut frå boka «Fra suksess til havari» som hovudpost. Prikken over i’en sette skipsentusiast og lokalhistorikar Egil Snekvik med å overrekke Bøfjorden Historielag to flotte biletmontasjar (på båtsbord, sjølsagt) over ishavsskutene «Hjelmen I» og «Blankisen» - begge bygd i Snekkvika (og med Egil sin far Nils blant byggjarane) like før 1920.

Samla publikumstal for årets Bøfjordhelg ligg truleg mellom 300 og 400 – altså meir enn innbyggjartalet i bygda.

Trhp BøfjHelg (1a).JPG
Masse flotte produkt på hobbymessa på Kveldheim fredag. Nærast Magnhild Bøe (t.h.) og Kari Bøklepp.

 

Trhp BøfjHelg (2a).JPG
John Lillegård med si samling av gamle syklar. Til venstre ein tidleg Øglænd-sykker frå 1920-talet, «The World». Nummer 3 er ein tysk militærsykkel – med karbidlykt.

 

Trhp BøfjHelg (2b).JPG
Asbjørn Heimlund (t.h.) imponerte både Jon Storløkken og heile Bøfjorden med sin Apollo 1910-modell!

 

Trhp BøfjHelg (2c).JPG
- Denne er akkurat like gammel som eg! seier Fredrik Garthe om denne Fordson 1934-modell, første traktoren på Settem og i heile Bøfjorden. Sønnensønnen Fredrik junior styrer klenodiet.

 

Trhp BøfjHelg (2d).JPG
Litt av ei åkle-samling Åsskard Bygdekvinnelag kunne vise fram!

 

Trhp BøfjHelg (2f).JPG
Beste skotthyllkastar vart Marius Mikkelsen – her med familien Vetleseter Aarbogh som publikum.

 

Trhp BøfjHelg (2g).JPG
Vesle Sander og mamma Veronika Staknes kosa seg på hesteryggen – Sander på Luna og Veronika på Helena. Instruktørar er Lise Settemsdal og Brit Heggem (t.h.)

 

Trhp BøfjHelg (2h).JPG
Desse frå Bøfjorden Mannskor hadde høve til å stille og markere korets 25-års tilbakeblikk, her med «Skomværvalsen». Frå venstre Gunnvald Bøe, Per Jarle Riksheim, Knut Ulset Bævre og John «Nonnon» Heggem. Pianist er Bernt Bøe.

 

Trhp BøfjHelg (2i).JPG
Høgdepunktet på jubileumsfesten var utnemninga av Lars Sæterøy til æresmedlem av Bøfjord Idrettslag. Til høgre nestleiar Maria Yoon Garthe.

 

Trhp BøfjHelg (3a).JPG
Både sundbåten «Framnæs» og kyrkjebåten «Hjelmkonnå» skapte liv og stemning på fjorddagen. Her etter endt c ruise og rotur. Kaptein Einar Birger Staknes ombord i sundbåten.

 

Trhp BøfjHelg (3b).JPG
God stemning under fjordturen med sundbåten. Frå venstre guide Gunnvald Bøe, Gjertrud Heggem, Per Gudmund Bøe, Gunhild Bøklep Bøe og John Nonnon Heggem.

 

Trhp BøfjHelg (3c).JPG
Designar Terje Holm (t.v.) og kåsør Einar Sæter med praktboka «Fra suksess til havari».

 

Trhp BøfjHelg (3d).JPG
Egil Snekvik med plansjen «Blankisen frå vogge til grav»

 

Trhp BøfjHelg (3e).JPG
«Hjelmkonnå» med ad hoc-mannskap i fint driv forbi Sagkaia.