Mandag
Mandag Lett snø
-8°
Lett snø
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Lettskyet
-8°
Lettskyet
Flau vind
Tor og lax

Kjemperugg landa i Korsahølen:

Tor blei laksekongen

Tor Hansen frå Surnadal hadde hellet med seg og fekk landa eit prakteksemplar av ein laks i Korsahølen på Honnstad. Laksen blei vegd til 14,05 kg. Hansen blei med dette årets laksekonge og kunne kosta på seg eit breitt glis! 

Rundt hundre fiskarar tredde på seg startnummer og stilte opp i årets utgave av fiskekonkurransen under Norsk Laksefestival. Forhåpningane var store, då elva hadde fått fin vassføring grunna ganske mykje regn dei siste par dagane, og det gjekk ikkje lang tid før første laks låg på land. Det var Morten Hansen som fekk æra av å ta den første laksen for kvelden. Den vart landa i Øyavollhølen og vog 6,83 kg.  Berre minuttar etterpå var det Jonathan Losen sin tur til å landa laks, dette i Mogstadhølen. Han kunne fortelje at det var første gongen han fiska i Surna. - Då eg kom over Rindalskogen og fekk sjå ei nærast konjakkfarga elv, tenkte eg; Yes! Då ligg det an til fiske med mark! Og det var  med mark som agn at fisken hogg. - Trur ikkje dette blir siste gongen eg fiskar i Surna, konstaterte han med eit glis og fortsette; - Eg hadde ein på for berre nokre minuttar sidan, men den mista eg, så det smakte ekstra godt å lukkast rett etterpå. Laksen var på nesten 4,5 kg. Nestemann ut var Bjørn Ove Bjørnsrud som fekk ein laks i Kleivahølen og enno hadde ikkje konkurransen vart i meir enn ein time, og før klokka var ni vart det trekt to fiskar til opp av elva. Jon Rodal fekk ein på 4,26 kg i Litj-fløne og Frode Lothe med ein på heile 10,88kg i Korsahølen. Lothe tok fisken på sjølvlaga wobbler og vi som bivåna begivenheita trudde at no var laksekongen kåra, men der tok vi skammeleg feil!

Storlaks!

For berre nokre hundre meter unna, stod det ein som ville det annleis. Nemmeleg Tor Hansen. Berre 20 minuttar etter at Lothe hadde landa kjemperuggen på nesten 11 kg, ruska det til i stanga til Tor. Etter ein ikkje altfor lang kamp låg kjepefiksen på land og vekta stoppa ikkje før den nådde 14,05kg! - Eg trudde ikkje den var så stor, sa Hansen og medga at han vart litt skjelven. Fisken vart teken med spinnar(!) som agn. Det var tilløp til dramatikk i samband med landinga, då håven Hansen hadde med seg var for liten, men Kristen Mogstad fekk kasta seg på mopeden og henta ein som var stor nok og laksen kunne trygt håvast i land. -Eg fleipa med kollegaene mine på jobb idag og sa at neste gong vi trefftes, så var eg laksekonge! Sanneleg fekk Hansen rett iakkurat det!

Ni laksar

Etter det vart det framleis landa laks på fleire stader. Aron Tonning fekk ein veldig fin laks på 8,27 kg på same stad som Hansen. Øyvind Løkken fekk ein i Gullas-pollen (5,04kg) og Geir Arne Losen fekk ein i Mogstadhølen. Heile ni laksar vart altså resultatet i årets laksekonkurranse. - Eit gledeleg resultat, kunne Georg Solem frå Surnadal Elveeigarlag konstatere.- Spesielt gledeleg er det at det vart teke laks både på flue, mark, wobblar, spinnar og sluk, avslutta han.

Suksess  

Årets fiskekonkurranse under Norsk Laksefestival kan ikkje beskrivast med noko anna enn ordet suksess! Stor aktivitet både på elvebredda og under vasskorpa, og i morgon, laurdag, blir det premieutdeling frå scena på Skei, så dei som er interessert i ta storlaks nærare i ettersyn må kjenna si besøkelsestid.

Trollheimsporten gratulerar både arrangøren og sjølvsagt, laksekongen Tor Hansen!

Aron Tonning.JPG
Aron Tonning med flott laks, teken i Korsahølen.
Frode Lothe.JPG
Frode Lothe med kjemperugg (Korsahølen)

Jon Rodal.JPG
Jon Rodal (Litl-fløne)

Jonathan Losen.JPG
Jonathan Losen (mogstadhølen)

Morten Hansen.JPG
Morten Hansen (Øyavollhølen)

Tor og Georg.JPG
Georg Solem gratulerar årets laksekonge, Tor Hansen.

Hard kamp.JPG
Aron Tonning i kamp med laksen.

Passiar ved bålet.JPG
Passiar ved bålet. f.v Kjell Lund, Ragnar Mauset, Kjell Svanem og Georg Solem.

Bålkos.JPG
Kaffe på svartkjel høyrer med.

Laksekontoret.JPG
Bjørnar Mogstad og Liv Ingrid Helgetun tok imot påmeldingane til konkurransen.

Stemning.JPG
Idyll på elvebredden.

 

 

 

Tips en venn Skriv ut