Mandag
Mandag Snøbyger
-11°
Snøbyger
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
-13°
Delvis skyet
Flau vind

Tema «Skrøyfa»

Rundt 50 møtte opp da Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag tok fram historia om den legendariske fiskebåten «Skrøyfa» - 100 år etter at ho vart bygd i fjøresteinane attmed museet.

I salen sat folk som ikkje berre mintest, men og hadde vore mannskap på «Skrøyfa». Såleis var Arne Bøklepp messegut på 1950-talet.

 

Drama og humor

Lydopptak med Ingvald Bøe (1896-1983) gav levande glimt frå livet ombord. Han fortalde både om stormen ved Island i 1934, da båten med forsørgjarar til 30-40 bølendingar ombord nær hadde forlist, og muntre historier – som om torsken dei fekk på lina (med fersk Skrøyfa-sildball i magen)!

I spissen for bygginga vinteren 1914-15 stod dei sjølvlærde ingeniørane Eistein Kvande og Anders Kvande. Reiskap etter Anders er utstilt på sjøbruksmuseet. Etterkomarar var blant publikum i salen.

 

Havfiske og foredling

«Skrøyfa» tilhøyrde opprinneleg Bøfjords Rederi, som attåt havfisket dreiv eige foredlingsanlegg på Skrøvsetskjeret – med levering av fiskeprodukt til inn- og utland. Her deltok også DS «Bøfjord» (bygd på Bølandet 1914) og «Hjelmen I» (Snekkvika 1917).

Seinare vart «Skrøyfa» (og «Bøfjord») overtatt av Hjelkrem-firmaet i Kristiansund, men alltid var bøfjordingar med som mannskap.

På temadagen bidrog Karl Sæther, Oddvar Bøklepp og Henry Visnes med interessante innslag om båten. – Skrøyfa endte sine dagar 13. september 1964, da ho gjekk ned under tråling i Nordsjøen, fortalte Visnes og synte på kartet nøyaktig kor ho ligg – på botnen ved Egersundbanken.

 

Skrøyfa-utstyr på museet

Museet har utstilt ein del utstyr frå båten – både sekstanten som den legendariske skipper Kristian Sandvik navigerte etter, hendelen frå dampskipsfløyta og den enorme kjelen som stuert Gunnar Settem «hengte på» når mannskapet var kaffetørste. Gunnvald Bøe las utdrag frå loggboka – om sildegarndraging time for time ved Sula nyårsftan 1920 og levering av fangsten i Kristiansund om morgonen da året 1921 berre var 10 timar gammelt.

 

- Viss ein båt har sjel, må «Skrøyfa» ha hatt det, vart det sagt under biletkåseriet.

 

Tema Skrøyfa a Bygging_690x290.jpg

«Skrøyfa» under bygging vinteren 1914-15, nokre meter nedafor dagens Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Tema Skrøyfa b På hamna i Krs_690x381.jpg

På hamna i Kristiansund i 1918.

Tema Skrøyfa c Heime ved Skr_690x384.jpg

Ved anlegget på Skrøvsetskjeret etter Islands-tur 1918. Instr«Skrøyfa», deretter «Bøfjord» og «Hjelmen». Bryggja på biletet står i Bøverfjorden i dag.

Tema Skrøyfa d Gunnvor og Arna_690x549.jpg

Trufaste søndagsgjester på museet – Gunnvor Gravvold (t.v.) og Arna Ranes. Bestefar til Arna, Anders Kvande, var byggmeister for «Skrøyfa». Av utstyr ser vi sekstanten, loggboka, kaffekjelen hans Gunnar Stuert – og foto av mannskapet.

Tema Skrøyfa e Utstyr Johnse og Inge_690x426.jpg

«Skrøyfa» og andre havgåande skip vart bygde med enkelt utstyr. Her studerer Johnse Sættemm (t.v.) og Inge Dønheim skutemodell og tøler etter Anders Kvande.

 

 

Innsendt av Bernt G Bøe

Tips en venn Skriv ut