Sykkelmeistrar

Idun Meisingset og Jon Kristoffer Bolme vann årets distiktsfinale i sykkelkonkurransen som Indre Nordmøre avdeling av NAF arrangerer kvart år. Idun vann for andre år på rad!

IMGP8357-001[1].JPG
Leiaren for Indre Nordmøre avdeling av NAF, Hallvard Vermøy frå Sunndal, stiller seg stolt bak finalistane Idun Meisingset og Jon Kristoffer Bolme.

Deltakarane blir vurdert både i teoretiske oppgåver og i praktiske øvingar på sykkel. Først er det konkurranse i trafikksikring på skulane. Der blir det plukka ut 2 jenter og 2 gutar til distriktsfinalen.

Av dei 6 skulane som var påmeldt, stilte 4 til finalen på Mo Oppvekstsenter torsdag ettermiddag. 

Landsfinalen blir arrangert i Letohallen på Romerike alt laurdag 17. juni. Idun og Jon gler seg til den. I fjor grudde Idun seg litt, men i år veit ho kva ho går til, og gler seg.

IMGP8350-001[1].JPG
Her har alle deltakarane frå Straumsnes, Øye, Rindal og Mo vagla seg i klatretårnet på Mo Oppvekstsenter.

Nedafor er nokre bilde frå øvingane:

IMGP8330.JPG

Charlotte Celin Busch frå Øye takla slalåmløypa fint.

IMGP8333.JPG

Idun Meisingset midt inne i den 3x3 m store "dobbelgarasjen der ho lett kom seg ut att utan å røre "veggene."

IMGP8334.JPG

IMGP8339.JPG

Lars Vaseng Kvammen frå Mo hadde full kontoll både på den flate planken og på vippeplanken.

IMGP8342.JPG

IMGP8340.JPG
Lars skulle her stoppe så nær stonga som mogleg.

IMGP8351.JPG
Her studerer Frida Møkkelgård og Rachel Gulla Løfaldli premiane som alle deltakarane fekk. Mor Monica er også interessert, men Ylva har andre interesser!