Header

Trollheimsløpet 2018

Suverene vinnarar

Trollheimsløpet var søndag arrangert for 42. gong og Trond Ørjan Eide og Berit Mogstad hadde få problemar med ta seieren i herre- og dameklassen. Det var strålande sommarvèr og knallgod løping, sjølv om det ikkje var eit så stort felt som starta.

Trond Ørjan Eide få Strindheim IL, tok altså sigeren,nesten to minuttar framom Johan Tøndel Hammer, Børsa IL i herreklassa. Dermed kunne Eide henta heim vandrepokalen til odel og eige. Nesten like suveren var Berit Mogstad, Rindal IL, i damklassen og var minuttet framom Ingeborg Eide frå Byåsen IL i mål. Imponerte gjorde òg Mali Eidnes Bakken som berre var 4 sekund bakom løyperekorden på 3 kilometerssløyfa. Den er det Laila Selbekk som innehar, men slik som 16år gamle Mali sprang idag, så er sjansane gode for at den står for fall allereie til neste år! - Eg kjende meg tung i kroppen før start, sa Eidnes Bakken, utan det såg ut til å plaga løpetalentet noko særleg. Erik Løfald, Rindal IL, eit anna løpetalent, presterte òg eit sterkt løp på 3 kilometersløyfa og var 13 sekund framom Lars Svorkdal, Svorkmo N.O.I.

Jubilant

Otto Helge Reitan sprang Trollheimsløpet for 40. gong og fekk tildelt sølvfat som bevis på dette. Han stilte i klassen 65- 69år og har altså nesten sprunge samtlige Trollheimsløp som har vore arrangert! 

Veteran 

Eldstemann i konkurranseklassa var Ivar Bølset frå Triumf IL. Han er 82(!) år gamal og forserte løypa lett som ein fole! Han har ikkje delteke i Trollheimsløpet på eit par år då han har slitt med nokre skadar, men forbedra tida si frå sist gong han deltok.

Vinneren,mål.JPG
Vinnaren,Trond Ørjan Eide, Strindheim IL, passerar målstreken.

Berit M1.JPG
Vinnaren i dameklassen, Berit Mogstad, Rindal IL, i fint driv over mål.

Berit M.JPG
Femmannsfelt inne til runding. 

E.Løfald Mål.JPG
Erik Løfald, Rindal IL vann klassen 15/16 år.

Mali.JPG
Mali Eidnes Bakken, Rindal IL gjorde eit strålande løp og vann klassen J 15/16 år

Mali2.JPG
Mali Eidnes Bakken over mål!

Eldstemann.JPG
Eldstemann i konkurransen Ivar Bølset, Triumf IL.Fullførde med glans. Sterk prestasjon av ein 82-åring!

Jubilant.JPG
Otto Helge Reitan sprang Trollheimsløpet for 40.gong og fekk tildelt eit sølvfat for den prestasjonen.

For komplett resultatliste, klikk her.