Vårsøg 4H, Sæterliadag.

Vårsøg 4H gjentok suksessen frå i fjor

Vellukka gebursdagsfeiring med slalombakkedag

Publisert Sist oppdatert

Det har vore ei innhaldsrik helg for Vårsøg 4H, med besøk på brannstasjonen i går og samling i slalombakken i dag. Klubben hadde slalombakkedag i fjor også, og det var ein suksess, så det vart bestemt at det måtte bli ein tadisjon. 4H er ein medlemsstyrt klubb, og det er ungane som legg opp til kva aktivitet det skal vere når ein samlast. I fjor var det heile fem nybegynnarar som lærte seg å renne på slalombakkedagen, og no er ivrige brukarar av alpinanlegget. Sidan det var så mange som lærte det i fjor, var det berre ein fersking i år, og ho stortivdes.

Lotte får hjelp av Hella i bakken og på heisen.

Denne dagen er litt ekstra spesiell for klubben, for det er på dagen fire år sidan han vart starta, og det er vel verdt ei feiring. Klubben har gradvis vakse seg større, og det er godt samhald i gjengen. Her hjelper dei store dei små, og det er alltid gøytt. Klubbrådgjevar Berit Bævre fortel at ho er heilt rørt av å sjå kor greie dei er med kvarandre. -Og her er det plass til mange fleire.

Gjengen er vorte stødige i bakken.
Harald er ein av veteranane som har vore med siadn klubben starta. Han stortrivs i Sæterlia.
Leiaren i klubben er Simone Akrim, ho var litt oppteke med Freeski-konkurranse, men hadde med seg venninna Inga innom leiren.
Petter og Emilie på heisen. Like kjekt for dei vaksne også.
Det vart etterkvart fyr på bålpanna.
Kiwiw hadde sponsa grillmat i anledning dagen.
Powered by Labrador CMS