ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Psykolog i fast 100% stilling

Surnadal kommune, ved Helse- og familieeininga, skal tilsette psykolog i fast 100% stilling.

Psykologitilbodet er ei lovpålagt teneste og er retta mot arbeid med menneske med psykiske vanskar og rus-lidingar. Tenesta har samtaletilbod for born, ungdom og vaksne.

Til stillinga ligg:

  • Førebyggande arbeid i møte med menneske i alle aldrar som har psykiske utfordringar
  • Individ- og gruppesamtalar
  • Deltaking i team kring menneske med rusproblematikk og deira pårørande
  • Undervisning, rådgjeving, rettleiing og informasjonsarbeid

Du har:

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå liknande klinisk arbeid i kommune vil vere eit fortrinn

Vi ser etter deg som:

- har evne til å arbeide nyskapande og sjølvstendig

- kan bruke terapeutiske verktøy for å førebygge psykisk uhelse

- har god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, m.a anna med tanke på god dialog krav til dokumentasjon

Du har personlege eigenskapar som er nyttige når det kjem til endring og omstilling. Du kan ta ufordringar, kanskje endre planer for å finne løysingar, samtidig som du bevarer profesjonaliteten og framstår som ein trygg fagperson.

Godt humør, gode samarbeidsevner og ein å vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø, er eigenskapar vi set høgt.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling.

Du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil.

Vi kan tilby deg:

Gode kollegaer i eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Lønn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fleksibel arbeidstid

Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglar i personalplanen

Søknadsfrist: 15.oktober 2025

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS