ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Psykolog fast 100% stilling

Surnadal kommune ved Helse og familie, har ledig stilling for psykolog i opp til 100% stilling.

Har du kapasitet og helst ser for deg å bidra med psykologkompetanse i eit mindre stillingsomfang, kan du skrive det i søknaden din. 

Psykologtilbodet er ei lovpålagt teneste og er retta mot arbeid med menneske med psykiske vanskar og ruslidingar. Tenesta har samtaletilbod for born, unge og vaksne.

Til stillinga ligg:

  • Førebyggande arbeid i møte med menneske i alle aldrar som har psykiske utfordingar
  • Individ- og gruppesamtalar
  • Deltaking i team kring menneske med rusproblematikk og deira pårørande
  • Undervisning, rådgjeving, rettleiing og informasjonsarbeid

Du har:

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Efaring frå liknande klinisk arbeid i kommunen vil vere eit fortrinn
  • Førarkort kl B og må kunne disponere eigen bil.

Vi ser etter deg som:

 - har evne til å arbeide nyskapande og sjølvstendig

- kan bruke terapeutiske verktøy for å forebygge psykisk uhelse

- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk, med tanke på god dialog og krav til dokumentasjon

Du har personlege eigenskapar som er nyttige når det kjem til endring og omstilling. Du er komfortabel med å møte utfordringar og er i stand til å endre planer for å finne løysingar, samtidig som du bevarer profesjonaliteten og framstår som ein trygg fagperson.

God humør, gode samarbeidsevner og at du er ein positiv bidragsytar til ein triveleg arbeidsplass, er eigenskapar vi sett høgt.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stillinga.

Vi kan tilby deg:

Gode og dedikerte kollegaer i eit triveleg og godt arbeidsmiljø.

Lønn etter avtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.

Søknadsfrist: 6. april 2026.

Besøk oss på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune 

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS