ANNONSE, LEDIG STILLING:
Økonomirådgjevar
Vi ser etter ein engasjert og strukturert økonomirådgjevar i 100% fast stilling, som vil vere med å styrke økonomistyringa og vidareutvikle økonomiarbeidet i kommunen.
Stillinga ligg i økonomiavdelinga, og du vil jobbe tett saman med leiarar og fagmiljø på tvers av organisasjonen. Økonomisjefen er næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
Løpande rekneskapsføring, fakturabehandling og oppfølging av økonomiske transaksjonar
Avstemming av balanse- og resultatkontoar
Delta i utarbeiding av rekneskapsrapportar, inkl. tertial- og årsoppgjer
Kvalitetssikring og kontroll av rekneskapsdata
Bidrag i arbeid med budsjett, prognosar og økonomiplan
Utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og internkontroll
Andre oppgåver innan økonomi og administrasjon kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande (minimum bachelor)
Erfaring frå økonomi eller rekneskap er ein fordel, men nyutdanna er òg velkomne til å søke
Grunnleggande og god forståing for økonomi og rekneskap
Gode IT-kunnskapar og interesse for digitale verktøy
God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Kven er du?
Du er lærevillig og har lyst til å utvikle deg fagleg
Du jobbar strukturert og nøyaktig, og får ting gjort
Du trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
Du har kjennskap til offentleg sektor og ønsker å bidra til fellesskapet
Du kommuniserer godt og er open for rettleiing og utvikling i rolla
Dette får du hos oss
God opplæring og fagleg støtte
Ei variert og spennande stilling i ein viktig samfunnsaktør
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
Fleksibel arbeidstid etter gjeldande reglement
Søknadsfrist_ 28.juni 2026