ANNONSE, LEDIG STILLING:
Messingpedagog / korpsbyggar - inntil 20% prosjektstilling
Surnadal og Rindal kulturskole er ein interkommunal kulturskole for Surnadal og Rindal kommune.
Vi søker etter ein engasjert lærar på messingblåsinstrument for å undervise elevane våre og vere med på å bygge opp elevgrunnlaget i skolekorpset gjennom eit rekrutteringsprosjekt.
Vi ønsker fagleg og pedagogisk utdanning på universitet-/høgskolenivå. Gjerne også med kompetanse på bi-instrument. Erfaring innan skolekorpsarbeid er ønskelig.
Stillinga omfatter undervisning i messinginstrument, aspirantgrupper i skole/sfo for å rekruttere elevar til korpset, prosjektarbeid og andre oppgåver innafor musikkavdelinga.
Søker må ha førarkort og disponere egen bil.
Gode kunnskaper i norsk blir vektlagt pga yngre elever.
Tilsetting etter gjeldande regelverk.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Nærare opplysninger om innhald i stillinga og skolen får du ved å kontakte rektor Torbjørn Larsen, mob: 41542117 eller kulturskolen@surnadal.kommune.no
Skriftlig søknad med godkjente vitnemål sendes elektronisk via easycruit til Surnadal kommune
Søknadsfrist: 25.juni 2026