ANNONSE, LEDIG STILLING:
Læreplassar med oppstart i 2026: Helsefag og Barne- og ungdomsarbeid
Surnadal kommune skal ta inn ny lærlingar med oppstart hausten 2026.
Vi skal tilsette lærlingar i Helsefag og i BUA-faget.
Helsefag:
Du må ha bestått vg1 Helse og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfaget.
Om du har gått ambulansefag blir læretida 6 månader lenger.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Kontaktperson er lærlingekoordinator Ingunn Mikkelsen, tlf 95183310, epost: ingunn.mikkelsen@surnadal.kommune.no
Barne- og ungdomsarbeidar:
Du må ha bestått vg1 Helse- og oppvekstfag og vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Kontaktperson: Kenneth Bergstad, tlf 93061792, epost:kenneth.bergstad@surnadal.kommune.no
Fagarbeidaren er ein viktig person i brukarane sin kvardag og ein sentral medarbeidar i kommunen sitt tenestetilbod.
Difor ser vi etter deg som:
- har som mål å fullføre læretida og avlegge fagprøve
- som er motivert for yrket og viser at du er engasjert
Gode norskkunnskapar- og ferdigheiter både muntleg og skriftleg er viktig med tanke på god dialog og kommunikasjon og for å kunne dokumentere i jobben som fagarbeidar.
Søknadsfrist: 01.03.2026