ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Kontaktpersonar i barneverntjenesta

Indre Nordmøre barneverntjeneste vil i løpet av 1.halvår 2026, ha behov for å tilsette kontaktpersonar i inntil 3 heile stillingar.

Det er aktuelt med tilsettingar i vikariat i eit år, men det kan òg bli behov for fast tilsetting.

Vi bed om at du skriv i søknadsteksten kva som er aktuelt for deg å søke på av fast eller midlertidig tilsetting.

Barneverntjenesta består av kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Sunndal.Surnadal kommune er vertskommune og tenesta er organisert med kontorstader, både i Sunndal og Surnadal.Vi er organisert i tre team med eigne teamleiarar.

To team, eit i Sunndal og eit i Surnadal, arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime.Begge desse teama har eigen teamleiar.Eit team arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen.

Arbeidsoppgåver i stilling som kontaktperson:

  • saksbehandling etter lov om barnevern
  • systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, i nært samarbeid med andre
  • utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt
  • fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
  • forberede, gjennomføre og følge opp saker i barnevern- og helsenemda og andre rettsinstansar

Kvalifikasjonar:

  • utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, ønskeleg med relevant mastergrad
  • anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet
  • ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
  • du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil, men vi har tenestebilar tilgjengeleg
  • det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn 3 månader

Personlege eigenskapar og fortrinn som er viktige i stillinga:

  • å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, m.a med tanke på tidsfrister
  • vere god på å få i gang kommunikasjon og evne til å få til samarbeid
  • kunne stå i pressa situasjonar over tid og vere i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
  • framstå som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
  • vere vennleg og imøtekomande, men samtidig vere tydeleg og ha evne til gjennomføring
  • kunne løfte blikket og tenkje heilheitleg
  • å ha evne til god muntleg og skriftleg framstillingsevne er sentralt med tanke på dialog, god kommunikasjon og dokumentasjon i alle sider av arbeidet

Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krava til kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og tilbakemeldingar frå referansepersonar.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.

Hos oss i Indre Nordmøre barneverntjeneste får du:

Faglege utfordringar og gode vilkår for personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø.Vi har gode pensjons- og forsikringsordingar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff. Vi kan innvilge flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.

Søknadsfrist: 22. februar 2026

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS