ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Helsefagarbeidar

Surnadal sjukeheim har ledig stilling på 100% for helsefagarbeidar. 

Om ønskeleg kan stillingstorleik reduserast.

Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg, alternativt langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg. 

Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØDH (Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald).

Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.Stillinga vi lyser ut, inneber mulegheiter for variasjon i innhald.

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

Vi skal tilsette:

  • helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar med autorisasjon
  • du kan vere nyutdanna eller ha erfaring
  • du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk med tanke på dialog, anna kommunikasjon og dokumentasjon

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Arbeidsoppgåver:

  • oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
  • stell og pleie
  • samhandling og tverrfagleg samarbeid
  • veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar
  • observasjon og dokumentasjon
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og fagsystem

Personlege eigenskapar og fortrinn:

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det er behov for det. Du er endringsvillig og fokusert på å finne gode løysingar, noko som også inneber at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Søknadsfrist: 15.10.25

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS