ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Ferievikarar i Surnadal kommune Helse og omsorg 2024

Har du lyst til å ha ein spanande og gjevande feriejobb, der du får vere med i utviklinga og bidra til tenester av god kvalitet til innbyggarane våre?

Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!

 Vi skal tilsette ferievikarar i:

  • Heimetenesta
  • Surnadal sjukeheim (aktuelle arbeidsoppgåver: pleieassistent, miljøarbeid, vaskeri, kjøkken og sørvisavdeling)
  • Bu- og aktivitetstenesta

Vi bed om at du i søknaden prioriteter mellom avdelingane i høve kor du kan tenkje deg å arbeide.

Vi treng vikarar i juni, juli og august. Det er fint om du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i denne perioden.

Søknadsfrist: 30. juni

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS